Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Etter over 30 år i bransjen har me litt erfaring me kan dele med våre kundar... - dette skal komme deg til gode!

 

Me har sidan oppstarten i 1989 hatt som primærmålsetning å bygge customvåpen, med alt som ligg i det begrepet. I dag har me framleis samme fokus, og leverer både customrifler med topp treverk og flott metallarbeid, i tillegg til rifler med fiberskjefter og rustfrie løp.

Me har ein rikt utstyrt verkstad, og kan utføre dei aller fleste former for børsemakerarbeid.

Innehavar, Albert Rafdal, er utdanna børsemakar frå Colorado School of Trades i Denver, USA, samt siviløkonom fra NHH i Bergen. Albert er ivrig jeger og svært ivrig sportsfiskar.

Litt om korleis me er organisert:
Slik me framstår i dag, har me børsemakerverkstaden i Etne som tar seg av det aller meste av våpenarbeid. I tillegg har me ein våpenbutikk på Frakkagjerd (Rafdal & Kvale Våpenhandel og frå 2018, Jaktia Haugaland), like ved Haugesund, som skaffar deg alt du trenger av våpen, ammunisjon og diverse rekvisita. Me har som målsetning å drive dette slikt at det framstår som eitt  for deg som kunde. Du kan levere ditt våpen hos våpenbutikken for reparasjon, og du kan få kjøpt ferdige rifler fra børsemakerverkstedet. Me sel primært våpen, optikk og anna utstyr som held eit høgt kvalitetsnivå, då me finn at det er dette som tjener kunden best i det lange løp.

Me er i dag to som jobbar ved verkstaden. Det er Albert som har starta det heile i 1989, samt Sverre Halleland som no er ferdig utdanna børsemaker med bestått fagprøve. Sverre har vore hos oss sidan 2012

 

Litt om korleis me jobbar.

Me har til ei kvar tid inne frå 40 til over 120 våpen for ombygging og reparasjonar. Dette gjer at me ofte har våpen med liknande behov inne til same tid. Skal me i løpet av eit år kome igjennom rundt 600 oppdrag, er det essensielt at me kan "serieprodusere" så mykje som mogeleg.

Dvs at dersom me har mange løpsoppdrag, så tek me gjerne så mange av desse som mogeleg i same runde. Me freistar då å vere så effektive som råd og nytte maksinkapasiteten vår på best mogeleg måte.

Det dette igjen fører til, er at me ikkje jobbar slavisk etter når me får inn oppdraga. Skulle me gjort det, ville me aldri blitt ferdige! Nokon finn det kanskje "urettferdig" at me tek andre sine oppdrag føre våpen som er leverte tidlegare. Men, slik må det vere skal  me ha noko som heldt mogelegheit for å klare å jobbe oss igjennom alle oppdrag.

Mange spør oss om å "booke" plass i køen, men dette har me diverre ikkje høve til. Ein tannlege eller fysioterapeut kan gjerne gjere dette, men så driv ikkje dei med serieprodukjson og tenkjer effektivitet i høve det å samle opp mange like oppdrag og få gjennomført desse så effektivt som råd. Skulle me hatt ei liste der me kontakta alle som har ulike oppdrag når det måtte passe inn i høve vår produksjon, ville me blitt tussete (meir tussete enn me alt er :-)

Når dette er sagt, så vil me påstå at me nok er ganske så effektive. Me får mange tilbakemeldingar på at me leverer ganske raskt, og stort sett alltid til avtala tid......eller helst før.

 

Lærling

Malin Regine er no lærling hos oss. Frisk Jærbu som har knappe året fram til fagprøve.

 

 

Kva leverandørar me brukar:
Me er alltid på utkikk etter leverandørar som kan tilby interssante produkter. Dette kan vera fiberskjefter, løpsemner, stålunderbeslag eller andre saker me har tru på. Pr idag har me mykje bra i vår portefølje, og me meinar dette verkeleg er produkt kunden vil nyte godt av.

Av utstyr me nytter i dag, kan me nemne:

 

Løp fra Lilja, PacNor, IBI og Walther.

Glassfiberskjefter får me frå Wildcat Composites (Canada) samt AG-Composites og Bansner & Co i USA. Dette er skjefter av veldig høg kvalitet. sjå meir under "Glassfiberskjefter".

Me får elles avtrekk til Remington 700 type mekanismar frå Timney,Bix´n Andy, og ikkje minst Triggertech.

Me nyttar mange ulike låskassemodellar, og her står kunden helt fritt til å velge.

 

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn