Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

 

Safaririfle i .404 og .338 Jeffery N.E.

Her viser me byggeprosessen av ei fullblods safaririfle med utskiftbare løp. Rifla nyttar vårt eige løpsbytesystem og har altså ei pipe med .404 og ei med .338 Jeffery (som er ei noko mindre hylse i volum enn kva .404 er)

.404 Jeffery til venstre, .338 Jeffery til høgre.

Me starta med ei Vektor Magnumkasse. Denne vart frest for Smithson kikkertmontasjar spesialtilpassa double square bridge. Utruleg fiffig montasje og den mest elegante løysinga me har sett.

 

Etter at pipene var montert og tilpassa, var det bygging av skjefte frå plank.

 

All utforming er for hand og arbeidsteikningane er oppe i hovudet.

 

Her er stokken ferdig, og finishen sit slik den skal. Nettskjæring gjenstår.

 

Kvartskinner på begge løp. Her er det i tillegg rekylklakk på pipa (.404 pipa). Normalt fresar me den som integrert del av løpet, men det kunne me ikkje her då emnet var ferdig dreia då me fekk det frå kunden.

Ferdig rifle.

 

Kvartskinna sett frå toppen. Opne sikta er ikkje innskutt.

 

Her ser me topp av kvartskinna og innfestinga for montasje.

 

 

Bør duge på det meste av vilt denne saken her :-)

 

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn