Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

         

 

    

Heildempa våpen

 

Hugs dette, det vert ikkje "heilt stille" av å få heildempar på rifla. Den dempar kanskje marginalt betre enn ein frontmontert dempar.

 

A-tec har no sin Integral-dempar som er ein heildempar berekna på supersoniske kaliber, som f.eks.308 Win. Me har denne demparen på lager, samt at me har ei dedikert demorifle med påmontert dempar. Rifla har 40cm løp Walther i rustfritt kamra for .308Win. Våpenet gir fin presisjon.

 

Det er stadig interesse for heildempa våpen.

Spesielt gjeld dette for grovkalibra våpen ala 458 SOCOM og liknande.

Problemet for oss pr i dag 2024, er at det ikkje finnes delar frå noko produsent av demparar, som vil passe med ei ombygging til heildempa rifle i grovt, sub-kalilber. litt synd dette, men A-tec sin frontmonterte Sub-dempar er svært effektiv.

 

Her ser me ein Remington 700 Left Hand med utskiftbare løp i .223 og .308. Den har to sluttstykker og to heildemparar. Ser ut for å fungere rett så bra.

Skal ein få god effekt i vilt med sub-kaliber, må ein ha spesielle prosjektil. Her viser me to utgåver frå Vektor-maskin som vil fungere. .338/230 grs og .452/450 grs. Me har begrensa utval av slike kuler no og slit med å skaffe meir :-(

 

Me ventar på A-tec sin nye heildempar for sub-kaliber, men den er ikkje klar så langt. A-tec har no ny frontmontert dempar for sub-kaliber i .45 og .50 Denne er veldig effektiv.

Me har erfaring med at porting av løp er til hjelp i reduksjon av smell, men har ikkje fått måla effekten fullt ut så langt.

Remington 700 i .458 SOCOM

 

Dette er ein Remington 700 med 3 ulike løp. Ei pipe i .450 Bushmaster (.452") og to piper i .308  Win. Denne versjonen på bilete er .450BM og den har ei PacNor pipe på 40cm i 1:7 twist. Fungerar utmerka med 450 grs Vektor. Dette er eit FORSØKSPROSJEKT, så me har ein del uprøvd kring demping/porting/hastigheit i dei to .308 pipene. 450 pipa er bra testa ut.

Det er vanskeleg å få tilpassa dei aller største kikkertene til slike våpen. 50mm objektiv går greit, men ein må då bruke spesielle montasjer.

Også fint å nytte ERA sine ringar og Weaver-type basar eller Picatinnyskinne.

Winchester M70 SS i .450 Marlin

 

Me nyttar ofte Pac-Nor eller Walther sine piper til slike våpen. Det er då snakk om løp med rask riflestigning for å ha muligheten til å stabilisere tunge prosjektiler i lav hastighet.

Me har normalt slike løp på lager i cal.30 - .338 - .452 - .458 og .510

510 cal er blitt umogeleg å importere frå USA, men det får me no frå Walther. Då er det 1:10 stigning og dette fungerer fint.

 

Det er lett å tru at ei slik rifle blir veldig tung, men det blir den ikkje. Riflene på bileta her, veg rundt 3,3-3,5 kg utan kikkert!

 

OBS!

Å bygge om ei rifle til heildempar krev ein hel del omgjering.

  • Ein er nødt til å bruke ei rustfri pipe
  • Skal ein ha sub-sonic patroner, må ein ha ei pipe med rask riflestigning.
  • Originalstokken kan ikkje nyttas, ein må ha ein stokk med bredt forskjefte for å få plass til demparen.
  • Montasjane må endras slik at kikkerten kan monteras langt høgare.

I tillegg krever slike våpen en heil del vedlikehold.

Vedlikehald av heildempa våpen.

I det ein fyrer av eit skot med lyddemper ytterst på pipa, vil det bli danna nitrøse gassar som "heng" igjen i demparen. Dette fungerer i praksis som en "rustgenerator" og det vil dermed vere veldig viktig å få tatt av demparen så raskt som mulig etter skyting, eller få bort kruttgassen på anna vis.

Me anbefaler å bruke trykkluft, støvsugar eller liknande i daglig bruk, samt at ein ser til å la sluttstykket alltid stå i bakre stilling. Av og til skrus demparen av, og ein sjekkar for rust eller errosjon av anna slag.

Ein bør og la våpenet stå "opp-ned" då gassen på denne måten vil forsvinne ut av demparen i front, men pass på, då må ein ha lufting framme.

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn