Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

       

 

Me utfører og arbeid på håndvåpen.

Dette er helst reparasjoner og ombyggingar av våpen.

Me monterer nye løp, lagar sikteskinner, og ein del andre spesialprodukt til revolverar.

                                                                                       

 

Ei relativt omfattande ombygging av ein Korth. Her har me satt inn ny Walther SS pipe, me har fresa ut ei ny sikteskinne basert på dei originale sikta som var på våpenet frå før. Dette er tidkrevjande arbeid, men resultatet vart rett så ok.

 

S&W mod 14

Denne har fått full overhaling, ny Walther CrMo pipe og LPA-sikte

Me har gått over heile avtrekksmekanisme, inkludert alt som har med tønne, yoke etc å gjere. No sviv den fint, og fungerer bra.

 

Her har me pipa om ein Ruger Bisley i .454 Casull. Våpenet har fått ny pacNor pipe med 16 twist, samt nye grepsplater i valnøtt. Kunden ville ha dei litt "matte" slik at ikkje dei glei alt for mykje i neven under skyting. Me kan bekrefte at det røskar godt i når ein dreg i avtrekkaren, men presisjonen såg ut til å vere rett så god under testskytinga.

 

Mange ynskjer seg spesialrevolver. Dette er ofte ei utfordring då me må lage eit våpen som ikkje veg meir enn 1000 gram. Ofte landar me rundt 995-998 gram! Boring, fresing og uthuling av alt som tenkjast kan for å oppnå rett vekt, samt at den må passe i "kassen".

Dei brukar å ende opp med å sjå omtrent slik ut som denne på bilete. Cal.22LR er vanskelegare å få lette nok i høve .38Special

Revolveren til venstre har fått ny pipe, ny sikteskinne designa og tilpassa dette våpenet. Det er ein mod.66, så den har spiralfjør, men avtrekket er ikkje så verst etter ein god runde med stell.

Smith Mod 19

Her har me satt i ny Walther CrMo pipe og laga eit nytt grep i valnøtt, som sikkert berre passar han som eig revolveren :-)

Litt avtrekkstuning og avtrekksstopp er det og bygd inn.

 

Smith mod 29 med ny Walther SS der me har frest inn og montert Picatinnyskinne.

 

Her har me sett ei Walther SS i ein Ruger GP-100.


S&W mod 10 med ny .38 Spec pipe.

 

Her fresar me profil på ei 6" Walther SS i .357Mag til ein Smith 686.

 

Me monterar også avtrekksstopp i ramma på revolverar. me borar ikkej hol framme i avtrekkarbøyle slik enkelte gjer. Desse kan du få i Crmo eller SS utførelse.

 

Her ser ein bilete av hurtigfeste for framsikte. Same metode som S&W brukar. Korna er 3,2mm breie. Me kan lage dei i ulike fasongar og høgd. Kr.520,- pr stk

 

Ein SIG-pistol som eigaren hadde problem med då den klemde han over handa. Me laga ein lang "Beaver tail" og det løyste dette problemet.

 

Her byggjer me eit nytt løp for ein HighStandard

High Standard cal.22 som har fått ny pipe (utskiftbar), gjenger og dempar, samt Picatinnyskinne med ein gamal raudpunkt på toppen. Nye skjefteplater i fin valnøtt og ny blånering. Skyt godt, og ser fin ut!

 

 

Dette er fine gamle pistolar som fortener litt oppmerksomheit.

Me set i ei KV-pipe (kaldhamra) og lagar eit muffesystem slik at denne passar til pistolramma.

Fresar så ut Picatinnyskinne som ein kan setje optiske sikter på.

 

 

 

Gravering av løp

Me har eige lasergraveringsutstyr som me nyttar til å gravere info i løpa me leverar. Her kan du få namnet ditt, bilete av kona eller katten, eller anna som fristar. Me kan gravere i både rustfritt og CrMo løp.

 

Løpsmontering revolver

Her er ei prisoversikt på kva det kostar å få montert ny pipe i revolver.

Revolverbygg    
Walther løpsemne  CrMo  Lengde 4"    kr            750,00
Walther løpsemne  CrMo  Lengde 6"    kr         1 280,00
Walther løpsemne  CrMo  Lengde 8"    kr         1 400,00
Walther løpsemne  CrMo  Lengde 10"    kr         1 620,00
Walther løpsemne  SS        Lengde 4"    kr         1 000,00
Walther løpsemne  SS        Lengde 6"    kr         1 340,00
Walther løpsemne  SS        Lengde 8"    kr         1 780,00
Walther løpsemne  SS        Lengde 10"    kr         2 150,00
Maskinere og tilpasse revolverpipe opp til 6"    kr         4 450,00
Maskinere og tilpasse revolverpipe 6"- 8"    kr         5 100,00
Maskinere og tilpasse revolverpipe 8"- 10"    kr         5 900,00
Laserinfo på pipe (pr.side)    kr            350,00
Bygge inn "ball crane lock")    kr            840,00
Bygge inn avtrekks-stopp     kr            500,00
Avtrekksstopp Sort    kr              80,00
Avtrekksstopp Rustfri    kr            170,00
Forsikte for hurtigfeste (ulike høgder og breidder etter behov)    kr            525,00
Tune avtrekk S&W revolver frå  kr            500,00
S&W reduced power kit K-L-N ramme    kr            300,00
Polere opp og blånere revolver, inkl demontering og montering frå  kr         2 350,00

I tillegg kan me tune, polere, blånere og «shape» opp eit slitent våpen.

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn