Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

 

 

-  Customvåpen for den kresne -

 

Rafdal Våpen har heilt sidan starten i 1989 laga customvåpen på bestilling frå kundar over heile landet. Det er ikkje tilvirking av customvåpen som står for størst del av omsetninga vår, men det er jo dette som er mest gøy då, samt at det stort sett er her dei største utfordringane ligg.

Mange vegrar seg kanskje for kostnaden det er med å få bygd seg ei slik rifle. det treng ikkje koste all verda for ei fullblods customrifle. Det er ofte alle "obtions" som gjer at ei slik rifle vert kostbar, og dette treng ein jo strengt tatt ikkje. Bruk litt ekstra på trevirke og sørg for å velge kvalitet i alle metalldelar så er ein godt i gang.

Begrepet "customvåpen" henspeglar på våpen som er bygd opp rundt kunden (customer) sine ynskje. Ofte er det snakk om eigne skjeftemål, eigne ynskje om løpslengde, profil, låskasseval, ja kort sagt, alle val ein kan gjere rundt eit "nybygg".

Dersom du føler at ei flott og stilrein rifle er nok for deg, oppfordrar eg deg til å ta kontakt med meg for ein prat rundt mogelegheiter og val. Eg er rimeleg viss på at dei som vel å få bygd seg ei slik ikkje tregar på dette.

Som dei seier i reklamen;

"Du vil setje pris på kvaliteten lenge etter at du har gløymt prisen!"

Albert

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn