Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Årleg monterar me hundrevis av demparar.

Demparen er komen for å bli, og det er eit svært nyttig hjelpemiddel for skyttarar og jegrar. Kvaliteten på demparane produsert her i Noreg er også noko me kan vere stolte av.

Me monterer dei aller fleste typar demperar, men sel og leverer sjølv demperar fra Hausken, Svemko og A-tec.

OBS! Har du Lyddempar på rifla di, er det svært viktig at du skruar den av etter skyting. Demparen fungerar som ein rustgenerator og det er ikkje få løp me har skifta etter rustangrep frå "uvøren" demparbruk.

 

 

Hausken held til nær oss og me får raskt levert den demparen du ynskjer. Hausken leverer supre demparar som er lette, sterke og som dempar bra.

Hausken leverar også store og "uhamslege" demparar av type Whisper. Desse dempar sjukt bra, men er nok helst for banebruk og stasjonær jakt

 

Svemko er ein ny norsk produsent som lagar demparar i superklasse. Desse er lette, utruleg robuste, og med demping som overgår dei fleste. Noko begrensa utval i modellar så langt, men her får ein valuta for pengane :-)

 

A-tec er vel kansje den produsent i våpenmarkedet her til lands som vågar å satse størst. Fantastisk maskinpark, god kompetanse og eit potensielt produksjonsvolum som er berekna på langt meir enn berre oss her i Noreg.

Ei rekkje gode demparar som er lette, sterke og med god demping.

A-tec leverar også spesialdemparar for sub-kaliber som bl.a. me har nytta ein del når me bygger slike våpen. Desse er veldig effektive på sub, samanlikna med demparar berekna for høghastigheitspatroner.

 

Kontakt oss for pristilbod på ulike demparar.

Eksempel kan vere:

Ferdig montert Hausken JD224 på normal boltrifle  kr.5000,-

Me har i dag topp moderne CNC-dreiebenk der me gjer slike monteringsjobbar. Det finnes eit "hav" av ulike toleransar på gjenger i demparar, men me finn alltid ei løysing for akkurat di rifle.

Det er ein stor fordel om me har den aktuelle demparen hjå oss når me monterer, då vert gjengene garantert trange og fine.

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn