Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

 

Me tek no inn fiberskjefter frå 3 ulike leverandørar. Alle med ulike eigenskapar.

Me byggjer mange våpen med fiberskjefter. Dette har blitt ein av våre absolutte spesialitetar.

Tidelgare bruka me svært mykje skjefter frå Hig Tech eller LAW. No er desse omtrent umogelege å skaffe, men me har m.a. oppretta god kontakt med Mark Bansner. Det var han som starta HighTech og me har handla med han sidan 1995. Kvaliteten på produkta han leverer i dag er svært bra. Ulempa er at det så langt er noko begrensa modellutval.

 

Wildcat Composites                       

Dette er lette, og ekstremt sterke skjefter frå ein liten produsent i Canada.

Skjefta har stort sett klassisk utforming, og er perfekt for ulike jaktvåpen. Noko begrensa modellutval, men me satsar på at dette kan kome på plass etter kvart.

Her er to ulike modellar. Superlett klassisk for T3, og VarTac for Rem 700SA

Modellen for T3 veg berre 500 gram slik den er visa på bilete. regn med ein kolbekappe på ca.100 gram og litt beddemasse og lakk, så har du eit ekstremt lett skjefte. EIn Tikka T3 med slikt skjefte endar stort sett rundt 2,4 kg.

Dette er ein Tikka T3 med Wildcat skjefte. Denne stokken veg rundt 600 gram og er veldig fin i fasongen.

 ................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................

Me tek no inn skjefter frå AG-Composites. Dette er kvalitetsskjefter utelukkande med carbon. Dei er lette og sterke, samt at dei har ein del veldig fine modellar både for jaktbruk, og meir "banebruk".

Me vil ta inn slike skjefter på bestilling, samt ha eit lager av dei mest "normale" og attraktive modellane.

Nytt for oktober-2023

Me ventar snart inn nokre Adjustable hunter med integrert magasinløysing av god kvalitet. Spente på desse. Dei er til Remington 700 (og liknande)

 

Her er to modellar for Remington 700 SA. Adjustable hunter og Sportsman.

 

AG-Composites -Adjustable hunter

Denne er tilpassa Remigton 700 LA og andre Kloner av Remington.

Vekt 1300 gram

Pris. kr.16000,- 

 

AG-Composites -Adjustable Hunter

Denne er tilpassa Remigton 700 SA og andre Kloner av Remington.

Vekt 1300 gram

Pris. kr.16000,-

 

AG-Composites - Hunter

Utfrest for Tikka T3

For Tikka T3 er det ikkje mogeleg å få "Adjustable" Hunter. Den vert berre levert med fast kam. Men, den er perfekt å skyte med om siktet er normalt montert. Og så er den ein god del lettare.

Vekt 1000 gram

Pris kr.13500,-  SOLGT

 

AG-Composites - Sportsman

Utfrest for Remington 700 SA

Vekt 900 gram

Pris kr.14000,-  

 

AG-Composites - Sportsman

Utfrest for Remington 700 LA

Vekt 900 gram

Pris kr.14000,-  

 

AG-Composites - Sportsman

"Flat top". Dvs den er ikkje frest ut for låskasse og kan tilpassast ei rekkje ulike våpen.

Vekt 850 gram

Pris kr.9500,- SOLGT

AG-Composaites -Chalk Branch

Utfrest for Remington 700 SA

Smekkert skjefte for jaktbruk når du "må ha" rett grep og høg kam, men framleis vil ha det lett. denne veg 890 gram.

Kr.14000,-

 

AG-Composites  - Adjustable Hunter

Utfrest for Remington 700 SA /klonekassar

Denne vert levert med aluminium underbeslag for AICS-magasin (utan magasin)

Vekt for skjefte er 1350gram

Prisen er kr.14500,- for denne slik den er på bilete.

 

AG-Composites - Alpine Hunter

Tilpassa Remington 700 LA

Her har me satt inn Sverre sin Remington for å vise korleis dette ser ut.

Topp skjefte for dei som ynkjer noko lett og behageleg å skyte med på bana så vel som i fjellet.

Prisen er kr.14000,-

 

 

.......................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................

Bansner & Company  

Bansner

Skjefte for Remington 700 SA og LA

Her ser me blanks som er klar for bedding, kolbekappe og utvendig finish. Eit ferdig slikt skjefte vil koste omlag 11500,- inkludert kolbekappe og sløylebedding.

Vekta er 700-750 gram alt etter kva kolbekappe ein vel.

 

Hansenkasse med Bansner skjefte. Dette vart ei veldig smekker og fin rifle som er perfekt til det meste av jakt. cal.30-06 dug til nesten alt.

Rifla veg rett rundt 3 kg.

 

Her er bilete av den flunk nye Bansner M98 Classic stokken. Den er veldig fin, skikkeleg bygd, og behageleg å halde/bære rundt.

Pris for eit slikt skjefte er 12-13000,- litt avhengig av kva utføring ein vel.

Denne på bilete er laga for ein Parker Hale med ny Walther i 6,5. Cerakota og med nye stålmontasjar frå Warne/Leupold.

 

Denne er ein Remington 700 i 6,5-06 som har fått friska opp humøret med ny lakk. Me synes den vart rett så tøff eigentleg.

 

Lett og fin jaktrifle i links i cal.6,5X55. Rifla veg 2,7 kg og er letta litt her og der. Det er ein HighTech stokk som sit på, Walther SS pipe og Remington kasse.

 

.............................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................

Me har framlsie nokre få skjefter att frå HighTech. Supert design, lett vekt og bra styrke. Ta kontakt for oversikt over det me har på lager. Desse er ein del rimelegare enn dei nye modellane me har teke inn grunna sterkt auka prisar og svak kronekurs

  • Lette (ca.700-750 gram ferdig bygd skjefte)
  • Sterke
  • Klassisk stil
  • Tilpassa kunden

 

Korleis bør eit skjefte sjå ut?

Me får nesten dagleg spørsmål frå kundar om skjefter til ulike våpen. Ofte er det eit krav, eller i det minste, eit ynskjer om at skjeftet skal ha omtrent rett pistolgrep, det skal ha justerbar kam, og det skal ofte vere lett.

Er dette lurt?

Les meir lengre nede på sida.

Bilete av eit skjefte det er enkelt å skyte godt med.

Remington i 222Rem med HighTech (LAW) Varmint hunter.    

 

 ......................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................

Hendig rifle?

Me kan tilby delbart skjefte for slike glassfiberskjefter. Dette er ein god del ekstra-arbeid, så det kostar ca.4000,- ekstra for denne ombygginga. Dette er om me gjer det under bygging av rifla. Skal det gjerast i etterkant, vert kostnaden ca.1500,- over dette, då alt må relakkerast.

 

.................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................

Prisar på HighTech skjefter

Skjefta blir levert som "blanks" til oss, og me sel dei enten slik dei kjem frå produsent, eller som ferdig oppbygde skjefter, bedda med kolbekappe og lakk. Prisen for ein blanks er kr.92000,- Ferdig skjefte er fra kr. 11300,-

Prisar
-Skjefteblanks Kr.9200,-
-Ferdig skjefte                                         Frå Kr.11300,-
-Søylebedding (ekstra) Kr. 400,-
-Tilpassa ukurrant låskasse                      Frå Kr. 525,-
-Ekstra Decelerator kappe Kr. 250,-
-Etterlakkering av skjefte                         Frå Kr. 1120,-
-Camolakk  (ulike muligheiter)                 Frå Kr. 680,-

Lakkering

Under ser me eit par nye lakkeringsvariantar. Det meste er mogeleg, men det er ein del arbeid med slike mønster så det vert litt dyrare.

 

 

 

 

 

Som kunde kan du velge mellom ei rekkje ulike lakkvarianter. Me nemner kort;  

............................................................................................................................................................................................................................................

Skjeftedesign på jaktvåpen.

Eg skal ikkje påberopa meg å ha jakta ekstremt mykje, men ein heil del har det blitt, og eg veit i alle høve kva eg treng i eit jaktvåpen. Det må sjølvsagt vere presist, her har skjeftet noko å seie, men så lenge det er stivt nok, betyr ikkje fasongen noko her. Det må vere lett, og det går sjeldan ut over sjølve eigenspredninga til våpenet, men det vert vanskelegare å skyte godt med ei lett rifle. Til sist må det vere enkelt å ha med seg på jakt, godt å bære, både på rygg og i nevane under sjølve jakta. Det må vere enkelt å skyte med under alle tenkelege forhold - oppover som nedover.

Med eit skjefte som både skal ha rett pistolgrep (som eigentleg egnar seg best til liggande skyting), samt høg eller justerbar kam, vert skjefta ofte tunge, vanskelege å bære, samt at dei ofte er treigare å få på plass i ein litt rask situasjon.

Rett lengd på skjeftet er viktig, då får ein behageleg skyting under alle forhold.

Dette med høgd på kam er mange opptekne av. Eg er ikkje sikker på om dette er rett bruk av resursar. Så lenge kinnet får støtte inntil stokken (noko det stort sett alltid gjer) så vert det ikkje stødigare om ein også legg kinnbeinet heilt nedtil. Ulempa med for "trang" tilpassing her, er om skotet skal oppover eller nedover. Då manglar ein fleksibiliteten ein har med ein "romslegare" stokk.

Det at ein har god og behageleg skyting med eit skjefte i mange ulike posisjonar føler me er viktig. Dette gjer at ein totalt sett vert ein meir presis jeger. Det kan godt vere at ein ved liggande skyting på litt små mål, eller langt hald, skyt litt betre med eit tyngre skjefte og kanskje ørlite betre med ei passform som er tilpassa akkurat denne skytestillinga og situasjonen, men totalt sett trur eg ein får fleire sjansar for sikre skot om ein vel eit mer gamaldags og kjedeleg design. Er vel ikkje utan grunn at skjefter ser ut omtrent som dei gjorde for 100 år sidan. Kva andre produkt kan ein seie det same om?

Moralen vert altså: Vel eit behageleg skjeftedesign for ulike situasjonar, og så trenar du med rifla :-)

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn