Link til www.lothar-walther.com |
Link til www.pac-nor.com |
https://internationalbarrels.com/ |
Løpsmontering
Mykje av arbeidet me utfører, har med montering av løp å gjere. Me monterer fleire hundre løp kvart år, og i veldig mange ulike kaliber.
Me har topp utstyr for å dreie og tilpasse løpsemner. Desse importerer me i dag frå ulike produsentar av kvalitetsløp i Tyskland, USA og Canada.
Me kan montere ny pipe i dei aller fleste våpen. Me har svært god kompetanse på val av løpstype, kaliber, riflestigning og andre viktige element i tilvirkinga av ei ny pipe til våpenet ditt.
Som dei aller fleste har fått med seg, er det store prisstigningar også i vår bransje. Dei fleste leverandørar me jobbar med har auka prisane 12-18 % i tillegg til at den svake krona påfører oss ytterlegare realprisauke.
Me har valgt å halde prisane på dei løpsemner me har på lager frå 2022, men ser oss nøydd til å auke relativt kraftig for dei ordre me har fått i år, samt dei som er på veg inn. Det er dermed ikkje sikkert at det kaliberet og den riflestigninga du ynskjer, er noko me har på "gamalt" lager.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Nye reglar for sal av riflepiper.
Skifte av kalilber
Næringsdrivande, som har løyve til å drive med reparasjon eller tilverking etter våpenlova § 23, kan utan særskilt løyve skifte pipe eller på annan måte modifisere eit skytevåpen slik at det kan skyte ammunisjon i eit anna kaliber enn det skytevåpenet er registrert for. Ein endring av kaliber utan løyve kan likevel berre gjerast når skytevåpenet lovleg kan brukast til det godkjente ervervsgrunnlaget. Ved endring av kaliber utan løyveplikt skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om endringa på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at pipa er skifta.”
Ny pipe i nytt kaliber.
Her er i dag reglane slik at om du ynskjer ei pipe i eit kaliber du ikkje har registrert for det aktuelle våpenet frå før, så må det ny søknad til. Pr i dag er det eigentleg ikkje høve til å søke digitalt for ny pipe i nytt kaliber, men me ser at mange politidistrikt ikkje held seg til dette og tillett slik søknad.
Ny pipe i same kaliber.
Dette vert og meldt inn og registrert frå vår side. Ver obs på at når dette er for systemvåpen, så må eigar ha registrert pipe i same kaliber for same våpen frå før. Det hjelper ikkje å ha ein Mauser i .30-06 og så ynskje å kjøpe ei Blaserpipe i dette kaliberet.
Me treng kopi av våpenkort og legitimasjon for å melde inn slike endringar.
Lagerstatus
Me har normalt veldig bra utval av løpsemner på lager. Det meste er blanks med Ø=32mm og lengd rundt 66-70cm. Me har og ein del IBI Carbonløp, samt litt andre raritetar for spesielt interesserte.
Har du løpsbytemuffe?
Frå februar 2024 har me også klar ei POM-beskyttelseshylse for gjengeparti på løp tilpassa vårt løpsbytesystem.
Denne får du for kr.350,-
Me har no på lager eit lite utval av IBI Carbonløp i cal.224-.308". Noko ulike lengder og twistar.
Pris er kr.14300,- for eit emne, montering kjem i tillegg.
Løpa er spesialbestilte for å kunne tilpassast muffene me lagar til Blaser R8. Dei er ørlite tjukkare enn Blaser sin "matchprofil".
Me har og i bestilling eit mindre antal "Alpine Hunter", som er slankare og lettare. Begrensa utval der.
Dei kan sjølvsagt brukast på det aller meste av andre rifler også.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Utan eit kvalitetsløp, er det vanskeleg å få til god presisjon, og det er vel det me er på jakt etter, er det ikkje?
Me nyttar utstyr av god kvalitet i samband med løpsmonteringane me utfører. Flytande brotsjholdar og kvalitetsbrotsjer fra JGS, Manson og PTG i USA, sikrar jevne og sentriske kammer.
Me nyttar i dag piper fra Lothar Walther, Lilja, IBI og PacNor. PacNor har vist seg å være av svært bra kvalitet, om ikkje så kjent som Lilja. Me tek berre inn "Super match" kvalitet frå PacNor. Lilja har berre ein kvalitet. Walther er jamn og god kvalitet, men dei er ikkje handlappa slik som Lilja og PacNor og dermed ikkje fullt så strøkne i innvendig finish.
Me brukar sei at 5-skot med Walther gir omtrent 15mm samling, medan Lilja og PacNor gir 10mm. Ofte kan dette vere betre, men ikkje alltid. Det er og ein del løp som viser seg å vere litt sære og dermed ikkje skyt bra med alt ein puttar i.
Dreiing av løp
Her ser me Sverre som står og programmerar dreiing av ei pipe.
Med styrt dreiebenk kan me lage svært nøyaktige toleransar samt dreie nær sagt alt tenkjeleg av utvendig profil.
Brotsjar og tolkar
Me har ein haug med ulike kammerbrotsjar og tolkar. Dei me ikkja har, leiger me inn eller skaffar. Er dei veeeeldig spesielle må kunden ta nettokostnaden med å skaffe brotsjen.
Me har liste over brotsjar me har på lager lengre ned på denne sida.
Her ser me ei rekkje ferdig løp. Dei er tilpassa anten direkte i låskasse, eller i løpsmuffesystemet me lagar. Alle har fått ein runde Cerakote Elite-serie, samt at dei er lasergravert med kaliberinfo, twist og nokre med Rafdal Våpen bumerke.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her ser me ei pipe med løpsbytemuffe som er klar for kamring og sluttføring.
Løpsmuffe
Løpsbytesystem har blitt veldig populært. Me lagar sjølve muffa i eit veldig seigt og sterkt stål, så tilpassar me denne til pipe og til kasse. Til slutt vert pipa kamra. Systemet vert då aldeles utan noko form for slark, og erfaringen viser at treffpunktet er det same når pipa vert skrudd attende i kassen.
Strengt tatt vert systemet sterkare slik, enn med originalpipa.
Me leverar og monterar eigne løpsmuffer for Blaser R8 også. Les meir om dette under "Blaser" på nettsidene våre.
Desse er blitt veldig populære :-)
Kor sterkt er løpsbyttesystemet me lagar?
(Ikke gjør dette hjemme)
Mange har spurt om kor mykje våpenet vert svekka med eit slikt system. No er det slik at stålet i muffa er Nimax, og det er langt sterkare enn vanleg løpsstål. Det er seigt og har ein RC på rundt 40. Tilpasningane er så å seie utan "slark" av noko slag.
Me har sjølvsagt testa kva som skjer når me fyrer av ei ekstrem overladning i ei rifle med slik muffe.
Ein M98 måtte bøte med livet, men skyttaren ville greit overlevd. Quick-Load sa eit trykk på 11500 bar, 3 gonger over max. Muffa er like fin, men pipa er bakt fast i muffa. Muffa kom greit ut av kassa.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Me utfører følgjande ved løpsmontering:
- Lappig av klakker og retting av låskassefront
- Rette gjenger i kasse (ekstra kostnad)
- Retter av løpsemnet før neddreiing, gjenging og kamring.
- Kamrar til minimum toleranser (dersom ikkje kunden vil noko anna).
- Dreier ned til ønska profil.
- Flutar pipa.
- Gjengar for demper.
- Coatar med Cerakote H -eller Elite serie
Me byggjer også løpsskiftesystem som fungerer svært bra. Kostar frå kr.1500,- ekstra ved montering av første pipe.
Me har stort sett dei fleste kaliber og riflestigningar på lager frå Walther og Lilja. Frå Lilja har me berre rustfrie løp på lager, men me kan ta inn alle modellar frå Lilja sitt sortimentpå bestilling. Regn med 4 mnd leveringstid frå me leverar ordre til Lilja, og det gjer me 3-4 gonger i året.
Frå Walther er det raskare med levering. Ca 2 veker er normal leveringstid.
PacNor har me eit lite utval med løp frå. Her tek me inn emner mykje sjeldnare og berre når me har samla opp ein ordre på kring 25 løp.
Normal leveringstid på ei pipe ferdig montert frå oss, er opp mot 8 veker. Dette føreset at me har pipeemne på lager.
Diskuter gjerne med oss i høve val av kaliber eller riflestigning. Til løp i raske kaliber anbefalar me rustfrie løp. Det same gjeld for våpen som skal ha lyddempar. Husk at demparen er "rustgenerator" av dimensjonar om ein ikkje er flink å skru den av etter skyting.
Albert Rafdal
Prisliste løpsmontering 1.1.2024
Montere pipe i bolt action kasse (gjenge, profildreie, kamre osv) | kr 3 360,00 | |
Walther CrMo løpsemne 66 cm langt | kr 4 800,00 | |
Walther SS løpsemne 66 cm langt | kr 6 500,00 | |
Walther SS løpsemne 71 cm langt (cal.9,3 - .510 og nokre andre) | kr 7 100,00 | |
Lilja SS løpsemne 69 cm langt | kr 9 400,00 | |
PacNor SS løpsemne 71 cm langt (Det me har att på lager) | kr 7 800,00 | |
IBI-SS pipe (ikkje carbon) | kr 8 400,00 | |
IBI-Carbonløp (Ferdig gjenga for demper) | kr 14 300,00 | |
Montere Walther CrMo i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 8 160,00 | |
Montere Walther SS i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 9 860,00 | |
Montere PacNor SS pipe i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 10 460,00 | |
Montere PacNor SS pipe i bolt action låskasse 30" pipe(ferdig montert) | kr 11 800,00 | |
Montere Lilja CrMo pipe i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 12 400,00 | |
Montere Lilja SS pipe i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 12 760,00 | |
Montere Lilja SS pipe i bolt action låskasse 30" pipe (ferdig montert) | kr 13 600,00 | |
Montere Lilja SS pipe i bolt action låskasse 32" pipe (ferdig montert) | kr 14 700,00 | |
Montere IBI carbonløp i std bolt låskasse | kr 16 300,00 | |
Rette gjenger i låskasse (ikkje alle kassar) | kr 630,00 | |
Profildreie eksisterande pipe (dreie ned profil på pipe) | kr 840,00 | |
Kappe og krone pipe | kr 390,00 | |
Lage løpsmuffe for løpsbyttesystem | kr 1 575,00 | |
Lage løpsmuffe av Sauer 200/202 pipe (me held pipe, kr.800,- elles) | kr 1 000,00 | |
Tilpasse originalpipe til løpsbyttemuffe | frå | kr 1 470,00 |
Gjenge for demper (pipe som allerede er i arbeid) | kr 960,00 | |
Gjenge pipe (pipe me må skru ut av kasse spesifikt for denne jobben) | frå | kr 1 300,00 |
Cerakote H/Elite-serie på pipe | kr 1 030,00 | |
KG-Gunkote på pipe | kr 1 030,00 | |
Flute pipe | frå | kr 1 950,00 |
Blånere pipe etter fluting | kr 420,00 | |
Lasergravere kaliber, twist og løpstype i coata piper | kr 350,00 | |
Prisliste Blaserløp | ||
Nimax-muffe for R8 og R93 | kr 3 460,00 | |
Walther CrMo montert i muffe | kr 11 620,00 | |
Walther SS montert i muffe | kr 13 320,00 | |
Lilja SS montert i muffe | kr 16 220,00 | |
PacNor montert i muffe | kr 14 620,00 | |
IBI-SS pipe (ikkje carbon) | kr 15 220,00 | |
IBI-carbonløp ferdig montert, kamra, gjenga, cerakota, lasergravert. | kr 19 800,00 | |
Gjenger for lyddemper | kr 960,00 | |
Fluting | frå | kr 1 950,00 |
Cerakote H-serie og Elite serie | kr 990,00 | |
Blånering av CrMo pipe | kr 420,00 | |
Laserinfo caliber og anna løpsinfo | kr 350,00 | |
Montere eige løpsemne i R8-muffe (frå blanks) | kr 3 360,00 | |
Montere profildreia løpsemne i R8-muffe | kr 2 300,00 | |
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Oversikt over kammerbrotsjer pr. januar 2023 | ||
Rifle .17- 7mm | Rifle cal.30-.50 cal | Pistol/revolver |
.300/221 (Whisper) | .32 Auto | |
.300 BLK | ||
.17 HMR | .300 HAM`R | |
.17 RFB | .30 BR | 9mm Parabellum |
.17 Remington | .30-30 Win | 38/45 ACP |
.17 /222 Rem.mag | .308 Win | .357 Mag |
.308 Nato | .44 Mag | |
.22LR | .308 Win Tight Neck | .45 ACP |
.22LR Match | .30-06 | .454 Casull |
.22 Magnum | .30-06 AI | |
.22 Hornet | .300 RSAUM | |
.22K-Hornet | .300 WSM | |
.218 BEE | .30/350 Rem Mag | |
.300 PRC | ||
.221 RFB | .308 Norma Mag | |
.222 Rem | .300 Win Mag | |
.223 Rem | .300 Wby Mag | |
.22 PPC | .300 Dakota | |
.22-250 Rem | .300 RUM | |
.22-250 AI | ||
.22-284 | 8X57 | |
5,6X50 R | 8mm-06 | |
8X68 S | ||
6X45 | ||
6mmPPC Sako | .338 BR | |
6mmPPC Borden | .338 Federal | |
6mmNorma BR | .338-06 | |
8,5X55 Blaser | ||
6XC | .338 Win mag | |
.243 Win | .340 Wby Mag | |
6mm Rem | .338 Norma Mag | |
.240 Wby | .338 Lapua Mag | |
6mm-284 | .340 Dakota | |
.338 RUM | ||
.338 Edge | ||
.250-3000 Savage | ||
.25-06 | .350 Legend | |
.257 Wby Mag | .358 Win | |
.35 Whelen | ||
.358 Norma Mag | ||
9X57 | ||
6,5 BR | ||
6,5 Grendel | 9,3X57 | |
6,5X47 Lapua | 9,3X62 | |
6,5 Creedmoor | 9,3X64 | |
.260 Rem | ||
.260 AI | .375 H&H Mag | |
6,5X55 Skan | .375 Ruger | |
6,5X55 Mauser | .375 Wby Mag | |
6,5x55 Arch Imp | .375 Dakota | |
6,5X55 Ackley Imp | .375 Chey-tac | |
6,5 PRC | 37 XC | |
6,5-284 | ||
6,5-06 | ||
6,5-06GIBBS | .416 Taylor | |
.264 Win Mag | .416 Rem Mag | |
6,5/300 Wby | .416 Wby Mag | |
.270 Win | .404 Jeffery | |
.270 Wby Mag | ||
.45 Raptor | ||
.458 SOCOM | ||
7mm-08 | .450 Marlin | |
7mm-08AI | .45/70 Gov | |
7X57 mauser | ||
7X64 Breneke | .510 Førland | |
.280 Rem | .50 Alaskan | |
.280 Ackley Imp | ||
7mm RSAUM | .500 Jeffery | |
7mm Rem Mag | 12,5 A-tec | |
7mm STW | ||
7mm/300 Wby | ||
.284 Win |