Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

 

Langholdsvåpen

Me har bygd ei rekkje langholdsvåpen siste åra. Kvar veke får me fleire henvendingar i høve slike våpen. Dette er alt frå reindyrka skytemaskinar med lange tunge piper, til meir kombinasjonsløysingar der ein også kan nytte våpenet til jakt. Ein treng ikkje ha superspesiell rifle i .375 CheyTac for å skyte på lange hold, men ei presis rifle er sjølvsagt eit must. Har du ein .308 Win eller 6,5X eitelleranna, så kan du nærme deg 6-7-800meter, og kanskje lengre.

Her ser me ei Remington 700 SS som er bygd om med Sako utdragar, magnum BF, Lilja 30" pipe i .300 Win Mag. Den har Stiller DBM for AI magasin. Det er nytta Cerakote type H til overflatebehandling. Me har laga ein laminatstokk etter A-5 mal til rifla. Den er no testa litt, og skyt under 10mm på 100 meter. Tusenmetersblinken bør vere lett match :-)

 ...........................................................................................................................................................................................................................................................

 

Tactical bolt knob

Me lagar vår eigen taktisk hevarmskule som me nesten alltid monterer på Remington rifler der målet er banebruk og langholdsskyting.

Kr.1300,- ferdig montert.

Her er det min gode venn Håvard som prøver EIT skot på 35cm blink på 1000meter. Han traff (sjølvsagt) og syntes det var for enkelt.

_________________________________________________________________________________________________________________________

Trendy?

Stiller Tac-338 i 338Lapua Mag med Liljapipe og Cadex chassistokk. Bør vere ein skytemaskin av dei ypperste dette.

Den store "hiten" dei siste åra har definitivt vore langholdsvåpen. Mange ringer oss eller sender e-post om dette, og me vil påstå me har ein del bra å tilby her. Skal du skyte på lange hold seier det seg sjølv at du treng ei presis rifle. Skal du ha ei presis rifle, så må du ha gode komponentar, samt at det må gjerast ein dugande jobb med å få skrudd dette saman slik at alt vert rett og presist.

Me importerer presisjonsløp frå Lilja i Montana. I tillegg tek me inn løp frå PacNor (USA) og Lothar Walther (Tyskland).

Me skaffar det meste av delar som trengs, m.a. skjefter frå McMillan og ulike chassistokkar frå USA. Me forhandlar KKC og GRS for dei som vil ha laminatskjefter.

Munnigsbrems eller lyddempar skaffar me også av bra kvalitet.

Alt av optikk skaffar me, også spesialsikter for langhold.

 

Her ser me ein Stiller Tac-30 i cal.6,5X47Lapua med Liljapipe på 30" og McMillan A-5 stokk. Rifla har underbeslag frå Stiller som tek AICS-magasiner.

 

 

For prisar på Stiller, Liljaløp og anna, sjekk eigne sider. Me vil etter kvart legge ut priseksempler på denne sida også.

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn