Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

         

Bygg om den gamle Mauseren!

 Kanskje du har ein Kongsberg M59 eller M67 ståande i ein krok. Dette KAN bli ei rett så bra jaktrifle, eller rifle til trening og langhalds-skyting, om ein ikkje er alt for storkrevjande.

 

Det finnes no eit "hav" med gamle M98 og KV-67 i heimar rundt om i landet. Dette kan bli topp jaktvåpen, om ein berre legg litt innsats i ei ombygging.

 

For dei som har ein KV-67 ståande, så er dette våpen som nærast ikkje har salsverdi. Har du ein slik, som til og med har justerbart match-avtrekk, kan det vera ein grei veg til eit topp brukbart jaktvåpen, berre med å gjere litt om på saker og ting med den gamle rifla.

 

Dette er ein Mauser M98 som har fått ein skikkeleg ombygging. Den har fått ny pipe, HighTech stokk, Timney avtrekk, 1/4-sikring og sjølvsagt, ny hevarm og kikkertmontasje.

Ei slik ombygging er rett omfattande, og kanskje litt kostbar. Men, det er fullt mogeleg å gjere mindre ut av ombygginga og få ei kjekk rifle like fullt.

 

Ved å dreie ned pipa, kappe ho, gjenge for dempar og glassblåse og blånere alt etterpå, får ein ei pipe som skyt godt, og som er like lett som ei rifle i butikkhyllene.

Set ein på eit Bansner fiberskjefte, får ein ned vekta ytterlegare. Ein slik stokk veg ca.700-750 gram fiks ferdig. Den vert tilpassa på mål, for å passe kunden best mogeleg.

Låskassar og delar til M98

Me har også fått inn eit parti med mykje rart av Mauser og Mauser-relaterte saker. Dette er bl.a. Brnoproduserte Small-ring kassar (ubrukte).

Treng du ny kasse, eller delar, send oss ei melding eller ring oss.

 

 

Me kan sjølvsagt gjenge pipa for dempar. Gjer me dette før blånering vil den sjå rett så strøken ut.

...........................................................................................................................................................................................................................................................

Kva kostar så dette?
Dreie ned løp Kr.  800,-
Gjenge for lyddemper Kr.  920,-
Sveise på ny hevarm Kr. 1300,-
Borre/gjenge for kikkertmontasje Kr.  890,-
Picatinnyskinne tilpassa M59/M67 Kr. 1500,-
Glassblåse/blånere komplett våpen Kr. 1500,-
Sette på 1/4 sikring inkl. sikring Kr.  1100,-
Montere Bansner skjefte (inkl bedding og kappe) Kr. 12000,-
Montere (bedde) KKC skjefte Kr. 8500,
Montere Houge Overmold skjefte Kr. 3000,-

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn