Nytt for September 2026
Me har fått inn ei sending med skjefter frå AG-Composites, og der er det ein del ledige skjefter. Dette er stort sett til Remington (og kloner), samt Tikka T3. Me har og eitt Adhustable Hunter Flat top att.
Me har i mange år teke inn skjefter frå Mark Bansner hos Bansners rifle. No har dei konvertert til berre å levere carbonskjefter. Me har no eit bra utval av dei modellane dei produserer på lager.

Rafdal Våpen
Det er 35 år sidan Albert Rafdal starta opp som børsemaker i bygda Etne som ligg på Vestlandet. Desse 35 åra med erfaring gir oss no unik mulighet for å tilby våre kundar topp kvalitet i delar og arbeid, samt bra service.
Om oss
I dag er det Albert Rafdal og Sverre Halleland, som har vore med oss sidan 2012, som jobbar ved verkstaden.
Arbeidet vårt
Me har som hovudfokus å bygge opp og reparere rifler. Alle slag, frå lette jaktrifler til langholdsrifler med alt som skal til for å prestere. Me reparerer nær sagt alle typar våpen, samt gjer kundetilpassingar på hagler, rifler og handvåpen.
![]()
Me samarbeidar med Jaktia. Rafdal & Kvale Våpenhandel AS, der Albert er medeigar, tilbyr alt ein jeger treng, og meire til. Jaktiakjeden tilbyr kvalitetsprodukt til rett pris. Dette gir oss mulighet for å tilby Jaktiabetingelsar til alle våre kundar på varer som vert levert via oss. Ta elles gjerne kontakt med vår Jaktiabutikk direkte på tlf 52770220

