Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

"Take-down" rifle i 6,5mmBR

Det å jobbe med våpen kva dag slik me gjer, fører til at ein av og til får lyst til å gjere forsøk på å få til  noko som er nytt og spanande, i alle fall for oss.

Det å kunna enkelt demontere rifla ned til ei lengd på dryge halvmeteren er vel ein fristande tanke.

På denne sida vil du finne litt om vårt siste prosjekt for å lage delbar rifle.

Me kan med ein gong seie at dette er noko som har teke mykje tid og som ville blitt svært kostbart.

 

Ideen til det demonterbare forskjeftet har me til dels henta frå Sauer sine "take-down" rifler. Det er ein tapp som passar eksakt inn i eit hol i den bakre delen av skjeftet. Så vert det heile festa med ein serie kuler som vert pressa ut imot eit kont spor i bakskjeftedelen.

ein trykk-knapp framme på forskjeftet løyser ut det heile.

høyres enkelt ut kanskje.......NEI, slett ikkje enkelt å få til.

Mange timar med spekulering og testing, samt produkjson av ein alt for stor haug med delar som skal fungere saman.

 

Det heile starta med at det av ymse årsaker dukka opp eit låskasseskrog frå ein Remington 700 LA. Så var det ein kunde med ein "god ven" som hadde hjulpe med å SVEISE på hevarmen på sin 700 SA. Sluttstykket måtte kasserast. Men, det var jo heilt ok om ein berre korta det ned litt.

Me korta ned både kasseskrog og bolt, Lodda på ny hevarm og tilpassa alt til ei patronlengd på 65mm. Kvifor denne?

For mange år sidan fekk me eit spørsmål om me kunne lage ein 6,5mmBR til ein kar nordpå. Me sjekka med JGS, der me hadde inne ein større ordre på brotsjar på den tida. Når brotsjane dukka opp, låg det med ein 6,5BR som me jo IKKJE eigentleg hadde bestilt.

 

Brotsjen har lege ubrukt i mange år, så no var det på tide. I volum blir patrona ørlite større enn 6,5mmGrendel. Ville den gi ørlite meir fart kanskje?

Kva med presisjon, og mating frå eit enno ikkje produsert magasin?

 

Me har skote ein del med rifla, og den skyt rett så bra med utvalgte ladningar. er nok best med kuler frå 100 -120 grs. Her får me nok ikkje stort meir fart enn Grendelen. Rundt 800 på 100 grs og 720-750,- på 120grs med relativt greit trykk.

Demontering og montering ser ikkje ut å påverke treffpunkt.

Mating funkar fint, men det er jo ADL løysing, så litt klure er det.

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn