Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

    

 

Her er bilete av ein del av dei customvåpna me har produsera opp igjennom åra.

Oppdatert 29.8.2023

Under har me lagt ut ein del bilder av ulike customvåpen me har bygd opp igjennom åra. Det er berre såkalla "Fullcustom" me legg ut her, altså våpen med fint trevirke og det me meinar er topp utføring.

......................................................................................................

 

Då var me klar med ei ny customrifle. Hansen 702 kasse, Liljapipe i 6,5 Creedmoor, og eit fint stykke tyrkisk valnøtt.

Her har me laga ei rein og fin rifle, med ein del fine og lite overdådige detaljar.

 

Bilete her (og dei to under) er av ein Winchester High Wall som eg har hatt i mange år. Tidlegare var den i 45/70, men det er litt for heftig å skyte med, samt upraktisk til veldig mykje, så no har den fått seg ny pipe.

 

Pipa er ei 71cm lang Walther CrMo med 8 twist i ca.6,5X57R. Med såpass løpslengd gir den bra fart. Eg har no ca.900 ms på 120 grs TTSX. I følge Quick Load skal det då vere langt opp til maks trykk.

 

Alt av sikteskinne, reimfeste og kornfot er integrert i pipa. Det å frese ei slik pipe tek lang tid. gjekk nok med over 10 timar, samt at den må polerast og rustbrunerast.

Montasjane er ERA sving, og kikkerten er ein gamal Z6 2,5-15X44 med BT.

No står ikkje hjorten trygt på 300 meter...........

Rifla skyt veldig bra med Scenar, men litt meir spredning på TSXen.

 

Remington 700 SA LH

Løpsmuffe og to piper i 6XC og 7mm-08 Rem.

Rifla er ei "nyklassisk" customrifle med påkosta detaljar som; hengsa underbeslag, 3p sikring, ny hevarm og ein del andre kjekke løysingar.

 

Mange spør etter ein god montasjeløysing for jaktrifla si. Dette er min private Seven i 7mm-08.

Her har eg montert ein Swarovski 2-12X50 i ERA montasjar. Legg merke til at bakre feste er frest ned i sjølve låskassen. Dette sparar ein nokre milimeter på.

Montasjen er kjapp av og på, alltid innskoten og smekker og fin.

Regn med ca.6000,- for denne løysinga der ein freser ned i kassa.

 

Skjefte til Sako 75 klar for levering.

 

Snart klar med skjefte til Sauerdrilling. Fleire bilder kjem etter kvart.

 

Nettskjæring av kolbe til Sako 75.

 

Brno 550 Mag i cal.416 Rigby

Skjefte laga frå "semi inlet". Kvartskinne med integrert hakemontasje for Swaro Z6 kikkert.

Mykje anna spesialarbeid på denne rifla.

 

Ruger #1 i .375H&H

Fullblods custom med Waltherpipe, hakemontasje og veldig flott treverk. Rifla er, som de ser, i links.

 

29.11.2017

Sauer 90 i cal.7mm-08AI

 

12.3.2017

Mauser Small ring M98 i cal.7X57 Mauser. Heilstokkrifle som er lita og lett.

12.3.2017

Winchester Pre-64 i cal.375 H&H mag

 

12.3.2017

Winchester High Wall bygd på 90-talet ein gong. Fin rifle som skyt godt.

Her ser me fleire bilder av rifla.

 

6.12.2016

Her har me klargjort ein Ruger M77 med nytt skjefte, ny pipe, samt rustbrunera overflate.

Rifla er bygd etter relativt nøyaktig oppdragsbeskrivelse frå kunden. Han ynskte "Rugerpreg" på rifla, men alt i "customklasse". Trur me er rimeleg nær :-)

 

 

24.11.2016

Her finn de bilder av ei Brno 601 i .350 Rem mag med custom heilstokk bygd av oss

.

Her ser me litt detaljar frå rifla. Nedfelt reimfeste og litt nettskjæring.

 

Skjefte til Chapuis dobbeltrifle

 

Mi eiga Remington mod Seven i 308 Win. Har no pipe i 7mm-08 AI

 

Eit bilete til av mi eiga Sevenrifle. Den veg 3,45 kg slik den er avbilda, med kikkert og dempar.

 

Custom Krag i 8X54. Fleire bilete under "Kragbygg"

 

Custom Sako Vixen I cal.6mm-223. Svært lett og presis

 

Mauser M98 i cal.458 Win.Mag. Skjefte byggd av Rafdal Våpen.

 

Winchester Classic 64 i cal 300 WIn Mag. Flott treverk, Fleur de lis nettskjæring og ellers alt ein kan ynskje.

 

Ruger #3 i 45/70 For sal!

M98 "Take-down" i cal 7X57 Mauser.

Rifla skyt godt, og er rett så lekker!

 

 

Custom Remington 700 i .223

 

Gamal drilling i ny drakt. Sauer fra 1937.

Albert brukar denne på jakt, ja!

 

Sako Vixen i 223 Rem

 

Perazzi MX 4C med målbyggd skjefte

 

Sako Vixen i 6mm223

 

"Fleur de lis" nettskjæring

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn