Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Vektor cal.416 Rigby

Customrifle for stort vilt ute og heime

 

Juli 2021

Her er det ikkje spart på så mykje. Vektor kassen er stor og godt tilpassa den romslege Rigbypatrona. Løpet er eit Walther CrMo som har fått integrert rekylklakk, 1/4-skinne, framsikte med løpsband, samt reimfeste med løpsband.

Stokken er i rett og fin tyrkisk nøtt med nydeleg farge.

Detaljar kjem lengre ned på sida.

 

Etter at pipa er montert og kamra, er det tid for å lage kvartskinne. Pipa er laga med integrert rekylklakk. såpass må det vera.

 

Frese og tilpasse dei opne sikkta. Her er det viktig å halde stil og tilpassningar "rett".

 

Slik ser det ferdige "barreled action" ut.

Kikkertmontasja er ikkje fresa inn i kassa så langt.

 

Hevarmen på Vektorkassa er ikkje fin, så dermed laga me ein ny. Me har og bygd ein del om på den usannsynleg stykke avtrekkaren. no er det betre ser du.

 

Etter fresinga av "blanksen" er det nokre aldeles få timar som står att med tilpassing, desing og stilsjekk, tilpassing av reimfeste og kolbekappe, pussing pussing pussing og så oljing.

 

Pussing......................

 

Her er første laget med olje på plass.

 

Kvartskinne med "one standing-one folding".

Kikkertmontasja er ein ERA som er fresa inn i den dobble square-bridgen. Ein passande kikkert i svingmontasje står på toppen.

 

Gravering av kaliber er gjort av børsemakar Harald Viken. Ser rett så bra ut.

 

Flammeherding av underbeslag og grepsavslutning. Dette gir ein ekstra touch.

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn