Custom Sako 75
Ikkje kvar dag me bygger opp customcåpen basert på Sako sine låskassar, men dette er ypperlege kassar for stilmessig og kvalitetsmessig solide rifler.
Denne er i .260 AI og presisjonen er super.
Tekniske data:
- Sako 75 III Kasse opphaveleg i .22-250
- Lilja SS pipe i cal.260 Ackley Imp med 1:8 twist 60cm - Fluta - Gjenga 14X1
- Tyrkisk valnøtt emne, form basert på fresemal me sjølve har utvikla.
- Pachmayr kolbekappe
- Reimfester nedfelt med 2 skruar
- Edeltreavslutning med "widovs peak"
- Nettskjæringsmønster med spesielt "skip-line" mønster på forskjeftet
- Grepsavslutning i stål som er flammeherda.
- Alt anna metall er overflatebehandla med Cerakote Elite.
Fasongen på grepet er middels tilbaketrekt. Heilt ok å bære på jakt, og rett så fint å skyte med. Heilt stilmessig kræsj er det heller ikkje.
Skjeftet er behandla med CCL "Traditional gun stock finishing kit".
Typisk "Nyklassisk" amerikansk stil på skjeftet.
Slik nettskjæring er faktisk veldig tidkrevjande. Dette er eit omfattande mønster og ein må tenkje langt fram for å sjå kva ulike hindringar og utfordringar som kan dukke opp.
Det er 24LPI forresten.