Løpsmuffe for
Er du lei av å ikkje få akkurat den pipa du ynskjer i Blaseren din, eller at du synes Blaserpipene vert for kostbare?
Me har løysinga på dette.
Få deg eit løp i ditt favorittkaliber med lengd og fasong slik du ynskjer.
Rafdal Våpen kan no tilby ei løysing for den som ynskjer seg ny pipe til Blaser R8, men som kunne tenkt seg noko anna enn Blaser sine originale piper.
Løpsmuffene er langt på veg laga på same måte som vår tidlegare løpsmuffe for andre våpenmodellar. Forskjellen er at den er nøyaktig lik Blaser sine eigne mål innvendig og utvendig. Dette inneber at kikkertmontasje, spor for opplagring/rekylmottak og hol for festeskruar er identiske med det Blaser leverar.
Du som kunde treng ikkje sende oss våpen eller noko anna for å få laga eit slikt løp. Me har sjølv Blaser R8 for testing.
Muffa er slik at du seinare kan få tilpassa andre løp i andre kaliber, berre med å sende oss di muffe.
Me kjem til å legge ut meir info om desse løpa så snart me har fått klar ei pipe for testing og demobruk.
IBI Carbonpipe montert i R8 muffe
Coata med Elite "Blackout" og lasergravert.
Pris for muffa er kr.3300,-
Pris for ferdige løp kjem an på kva type løp du ynksjer å nytte. Me har løpsemner frå Walther og Lilja i dei fleste kaliber og twistar på lager. Me har også nokre emner frå PacNor og carbonløp frå IBI på lager.
Ynskjer du ditt eige løpsemne tilpassa vår Blasermuffe, kjem dette på kr.3200,- Det vert tilleg for overflatebehandling og lasergravering.
Prisliste:
Ferdig monterte løp inkludert muffe.
Walther CrMo kr.10300,-
Walther SS kr. 11800,-
Lilja SS kr.14000,-
PacNor SS kr.14000,-
Tillegg for:
Gjenger for demper kr.920,-
Fluting kr.1900,-
Cerakote (H-serie/Elite) kr.990,-
Laserinfo kr.350,-
Priseksempel
Walther CrMo Fluta-Gjenga for demper-Blånert-Laserinfo kr.13900,-
Walther SS Fluta-Gjenga for demper-Coata-Laserinfo kr.15960,-
Lilja SS Fluta-Gjenga for demper-Coata-Laserinfo kr.18160,-
PacNor Fluta-Gjenga for demper-Coata-Laserinfo kr.18160,-
IBI-Carbonløp Montert-Gjenga, cerakote på metall-laserinfo kr.17000,-