Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Nytt for 2024.

Er vel ikkje veldig mykje nytt, men det strøymer inn med oppdrag slik det normalt gjer i januar. Må starte på ein del skjeftebygging no framover. Me har veldig bra utval av løp på lager no.
          
       

Me har fått inn tre nye AG-skejfter. Rem 700 lang og kort stort sett.

Sjå meir detaljar under "Glassfiberskjefter"

Me har no bra lager av løp frå Lillja og Walther. Det meste er på plass. Men....7mm er nesten utsolgt alt...
Me har inne skjefter frå Bansner til Remington og Mauser M98.

 

 

                                  

Rafdal Våpen

Det er over 30 år sidan Albert Rafdal starta opp som børsemaker i bygda Etne som ligg på Vestlandet. Desse 30 åra med erfaring gir oss no unik mulighet for å tilby våre kundar topp kvalitet i delar og arbeid, samt bra service.

Om oss

I dag er det Albert Rafdal og Sverre Halleland, som har vore med oss sidan 2012, som jobbar ved verkstaden.

Arbeidet vårt

Me har som hovudfokus å bygge opp og reparere rifler. Alle slag, frå lette jaktrifler til langholdsrifler med alt som skal til for å prestere. Me reparerer nær sagt alle typar våpen, samt gjer kundetilpassingar på hagler, rifler og handvåpen.

Jaktia logo

Me samarbeidar med Jaktia. Rafdal & Kvale Våpenhandel AS, der Albert er medeigar, tilbyr alt ein jeger treng, og meire til. Jaktiakjeden tilbyr kvalitetsprodukt til rett pris. Dette gir oss mulighet for å tilby Jaktiabetingelsar til alle våre kundar på varer som vert levert via oss. Ta elles gjerne kontakt med vår Jaktiabutikk direkte på tlf 52770220

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn