Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

 

 

Brukte våpen og delar for sal

Oppdatert 1.5.2023

 

 

 

 


 

Mauser

Me har overteke eit stort parti med Mauserlåskassar i, nær sagt, alle varianter. Her er det alt frå relativt skrale saker, til fine DWM kassar, small ring Brno, Large ring Brno og mykje anna.

Ta kontakt for info om kva me har inne.

 

Remington låskassar

Me har som regel alltid inne eit brukbart utval med Remington låskassar. Dette gjer at me stort sett kan tilby kassar for å bygge akkurat den rifla du ynskjer.

Under har me eit lite utval av det me har på lager.

 

Dette er låskassar me kjøper brukt  (stort sett). Me rettar og fiksar dette kassaner slik at dei vert veldig gode utgangspunkt for bygging av presisjonsvåpen.

 ..............................................................................................................................................................................................................................................................................................

Remington 700 låskasse LA og SA.

Kr.5500,-

Me brukar alltid å ha ein del slike kassar inne for å bruke til ulike oppbyggingsoppdrag.

Eignar seg bra for bygg til alle standardpatroner. Me har også ofte magnumkassar inne.

Me rettar og fiksar kassa slik at den vert tip-topp og betre enn ny.

November 2022:

Me har no inne ei 700 BDL LA LH (left hand) med -06 støtbunn.

kr.7000,-

 

Brukt Remington Seven cal.308 støtbunn.

Frå Kr.7000,-

Februar 2022:

Me har kjøpt opp mange brukte Sevenrifler siste tida og har no eit bra utval av rustfrie og CrMo kassar på lager. Dette er suverene kassar når du skal ha kort, lett og presis rifle. Ikkje utan grunn at Albert sine to mest brukte jaktrifler er bygd på Sevenkassen.

Me har også Sevenkasse i rustfritt for WSM/RSAUM/PRC patroner. Berre 1 då :-)

 

Small ring M98 Brno mod 1932

Skal du bygge deg ei fin rifle og likar Mauser, då er dette absolutt tingen. Me har også sluttstykker og alt anna som skal til for å få desse komplette.

Då det er "small-ring" vil me ikkje anbefale å bygge magnumkaliber på desse.

Dette er ubrukte og umerka (men registrerte) låskasseskrog.

Prisen er kr.900,- 

 

 

Brno 600 kasse

Opna til Magnum støtbunn. Heil og fin kasse som vil vera bra utgangspunkt for eit klassisk fint riflebygg.

Kr.2500,-

 

Låskasse Mauser M98 Magnum Zastava-produsert.

Dette er ein nyprodusert, ubrukt kasse berekna på .458 WinMag eller liknande.

Kr.3500,-

 

 

Her er liste over nye og brukte originalpiper me har liggjande på lager

Oppdatert 15.9.2021  ME har for tida veldig få piper tilgjengelege. Skal snart gå igjennom dei som ligg i "uregistrert"-haugen

Våpen Modell Kaliber Løpstype Lengde Ekstra SS/CrMo Tilstand Antal  Pris 

 

 

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn