Spesielt våpenarbeid


Av og til utfører me spesielle ombyggingar eller anna som me tru kanskje andre vil ha interesse av. Dette vil me no framover presentere på denne sida.

9.2.2017

Slit du med helsa, her er definitivt løysinga :-)

 

21.5.2016

Her har me laga ny hevarm på ein Remington, samt montera vår eigen "Tactical" hevarmskule. Alt er Cerakota i Magpul FDE samt litt svarte felter utanpå.

21.5.2016

Her ser me ein Remington 700 LH bolt der me har montert vår eigen "tactical" hevarmskule. Regn ca tusenlappen for å få ei slik ferdig montert. Fungerar veldig bra og er ikkje så prangande som ein del andre modellar.

 

20.4.2016

Dette er ein munningsbrems i rustfri utførelse. Me lagar slike ut frå kunden sine ynskje og behov. Kontakt oss for tilbod.

Denn på biletet er ca.1200,-

 

 

23.2.2014

På tide med noko anna enn KKC og GRS? Me har lenge fundera på å lage eit skjefte som har same bruksområde som KKC og GRS, men som har ein noko smekrare fasong, samt ikkje har justeringsmogelegheiter. Her får du stokken tilpassa deg som skyttar (kam og lengd), samt at finish, bedding og slikt vert utført på ein proff måte. Me vil truleg også lage ein modell med justeringsmogelegheiter, men er det eigentleg nokon som treng det?
Me trur ikkje du skyt betre med denne stokken enn med eit vanleg jaktskjefte, men den vert behagelegare å bruke på bana og på konkurranseskyting. Til jakt er me framleis av den meining at eit normalt utforma klassiske skjefter er det som totalt sett gir flest smil i løpet av ein dag i skogen.

 

3.4.2013

Om du skulle ha behov for "frontlys" på rifla di, så har me no løysing på dette. Me støyper inn ei rustfri stålskinne som me gjengar og tilpassar ein Weaverklakk, anten i stål eller som her, i aluminium. Dette fungerar bra!

 

20.3.2013

Me har no fått eit maskineringsfirma til å lage "muffe" for Sauer 202 magnum. Dette gjer at me no kan tilby løpsmontering også til magnum 202. Sikkert ein del invendingar frå enkelte på dette. men me kan love at det fungerar bra.

 

20.3.2013

Her har me tilpassa eit Timney avtrekk for Mauser M98 til ein Brno Fox.

Dette er ei ombygging som vil gi eit mykje kjekkare avtrekk enn det originale.

Det er litt tidkrevjande, med ein del fresing og tilpassing, men det ser ut til å fungere fint.

Kostnad er ca.970,- for avtrekket, og ca.1200,- for å få gjort ombygginga. I tillegg må ein blånere underbeslag og kasse etter maskineringa. Dette kostar kr.500,-

 

25.9.2013

Smellforsterkar på lyddemparen!

Ja, dette skulle i følge kunden fungere, og han påstår det gjer det. Det skal dempe rekylen litt ekstra. Denne er i .375 H&H Mag.

Den står på ein forlenga Hausken

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook