Skjefting av ei dobbeltrifle

 

Å skjefte eit to-delt våpen, hagle, drilling eller dobbeltrifle, er ofte rekna for å vera meir krevjande enn anna "vanleg" skjeftearbeid. På denne sida vil du sjå noko av prosessen med å lage ny bakstokk til ein Chapuis i 9,3X74R.

Her er eg komen godt i gang med stokkarbeidet.

Ein relativt fin plank vart plukka ut. Denne matcha fortreet svært bra.I denne jobben her, var det ikkje snakk om å frese ut noko etter mal. Alt måtte gjerast på "gamlemåten" og slikt tek meir tid, men så har ein større fleksibilitet. Stokken skulle trass alt vera tilpassa kunden sine mål.

 

Endå nokre timar er tilbakelagt.

Her er stokken slipa til ca.320 og er snart klar for 600 korning.

Då er stokken klar for vatning, og ny runde med 600 korning.

 

Her ser ein resultatet av ein runde med "grain sealer" samt ein runde med CCL olje og herder. Det er framleis mykje arbeid med finishen, men dette er jo skoy, når trevirket vert så fint som dette.

 

Her er det nettskjæring av skjeftet. Enkel point-pattern med 24LPI bør bli elegant nok på denne stokken.

 

 

Forskjeftebygging

Kunden ynskte å få bygd nytt, smekrare forskjefte av biten som var att av emnet.

Her er eit bilete av den ferdige rifla med nytt forskjefte.

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook