Legendary Arms Works (tidl. High Tech Specialties)

Me byggjer mange våpen med fiberskjefter. Dette har blitt ein av våre absolutte spesialitetar.

Me bruker for det aller meste  skjefter frå Legendary Arms Works (tidl. High Tech) for å sikre topp kvalitet, god funksjon og stil.

 
 

Me har sidan 1995 importert og seld skjefter fra Amerikanskanske High Tech. Dette er lette og sterke skjefter i klassisk design, tilpassa mange aktuelle låskassemodellar.

  • Lette
  • Sterke
  • Klassisk stil
  • Tilpassast kunden
  • 10 års garanti

 

 

Skjefta blir levert som "blanks" til oss, og me sel dei enten slik dei kjem frå produsent, eller som ferdig oppbygde skjefter, bedda med kolbekappe og lakk.Prisen for ein blanks er kr.4700,- Ferdig skjefte er fra kr. 7500,-

Prisar
-Skjefteblanks Kr.4700,-
-Ferdig skjefte Kr.7500,-
-Søylebedding (ekstra) Kr.400,-
-Tilpassa ukurrant låskasse                      Frå Kr.350,-
-Ekstra Decelerator kappe Kr.200,-
-Etterlakkering av skjefte                         Frå Kr.800,-
-Camolakk  (ulike muligheiter)                 Frå Kr.1500,-

Lakkering

Under ser me eit par nye lakkeringsvariantar. Det meste er mogeleg, men det er ein del arbeid med slike mønster så det vert litt dyrare.

 

15.1.2017 Me har testa ut nytt camomønster. Ser rett så bra ut. 5 forskjellige fargar med Cerakote, så den er litt arbeidssom å lage.

Her ser me ein Weatherby Mark V med Cerakote overflate i "Tactical OD Green" med svarte spetter og matte svarte felt.

Ein fin gamal Tikka M55 med fiberskjefte: Rotar ikkje denne bort i skogen !

Eit av mange fargealternativ. Denne har Cerakote overflate.

Her er det ein stokk med strukturlakk i botn som har fått Cerakotea overflate med eit eigenkomponert strukturmønster. her har me lakkera heile våpenet inkludert kikkert, montasjar og lås/løp. Blir rett så bra!

Ein Sako Vixen i .17 RFB med Liljapipe og HighTech lakka med Cerakote.

Som kunde kan du velge mellom ei rekkje ulike lakkvarianter. Me nemner kort;  

  • grått med svarte spetter,
  • mørk grå med lys grå spetter,
  • brun med svarte spetter,
  • grønn med svarte spetter,
  • eller gul for den del..

For fyldigare info om skjefta, sjekk link:  

         http://www.legendaryarmsworks.com/

Del denne siden med andre!

Share on Facebook