Link til www.lothar-walther.com  
                 Link til www.pac-nor.com  
                Link til www.riflebarrels.com


 

Løpsmontering

 

Utan eit kvalitetsløp, er det vanskeleg å få til god presisjon, og det er vel det me er på jakt etter, er det ikkje?

Me nyttar utstyr av god kvalitet i samband med løpsmonteringane me utfører. Flytande brotsjholdar og kvalitetsbrotsjer fra JGS og PTG i USA, sikrar jevne og sentriske kammer.

Me nyttar i dag piper fra Lothar Walther, Lilja og PacNor. PacNor har vist seg å være av svært bra kvalitet, om ikkje så kjent som Lilja. Me tek berre inn "Super match" kvalitet frå PacNor. Lilja har berre ein kvalitet. Walther er sikker kvalitet dette og, men dei er ikkje handlappa slik som Lilja og PacNor og dermed ikkje fullt så strøkne i innvendig finish.

 

Her ser me ryggen på Sverre som står og ser på ei pipe som vert dreia ned til passande profil.

Den nye dreiebenken gjer ein bra jobb når me skal montere presisjonspiper.

 

Monteringa av eit løp har stor betydning for resultatet. Me nyttar flytande brotsjholdar for å sikre mest mulig sentrisk og nøyaktige kammer.

Me nyttar mange andre "triks" også, for å sikre optimal presisjon fra et løpsemne av topp kvalitet.

 

Me sentrerer løpet på senterspiss og lar det gå sentrisk på støttebrille. Dette sikrar nøyaktig oppspenning. Kammerbrotsjane er med utskiftbar "flytende" pilot som sikrar at kammeret blir sentrisk i forhold til den aktuelle riflinga.

 

Skjæreolje av topp kvalitet er eit must for å sikre at ikkje brotsjen lagar riper i kammeret. Rocol er topp til dette!

 

Her ser me ei rekkje ferdig løp. Dei er tilpassa anten dierekte i låskasse, eller i løpsmuffesystemet me lagar. Alle har fått ein runde Cerakote C-serie, samt at dei er lasergravert med kaliberinfo, twist og nokre med Rafdal Våpen logo.

 

Løpsbytesystem har blitt veldig populært. Me lagar sjølve muffa i eit veldig seigt og sterkt stål, så tilpassar me denne til pipe og til kasse. Til slutt vert pipa kamra. Systemet vert då aldeles utan noko form for slark, og erfaringen viser at treffpunktet er det same når pipa vert skrudd attende i kassen.

Strengt tatt vert systemet sterkare slik, enn med originalpipa.

 

Me utfører følgjande ved løpsmontering:

  • Lappig av klakker og retting av låskassefront
  • Rette gjenger i kasse (ekstra kostnad)
  • Retter av løpsemnet før neddreiing, gjenging og kamring.
  • Kamrar til minimum toleranser (dersom ikkje kunden vil noko anna).
  • Dreier ned til ønska profil.
  • Flutar pipa.
  • Gjengar for demper.
  • Coatar med Cerakote C, H eller KG-Gunkote

Me byggjer også løpsskiftesystem som fungerer svært bra. Kostar frå kr.1200,- ekstra ved montering av første pipe.

 

 

Oversikt over kammerbrotsjer pr. 9-2016
Rifle .17-.30 cal Rifle .30-.50 cal Pistol/revolver
.17 RFB
.17 Remington .300/221 (Whisper) .32 Auto
.17 /222 Rem.mag .30-30 Win 9mm Parabellum
  .30 BR 38/45 ACP
  .308 Win .357 Mag
.22LR .308 Nato .44 Mag
.22LR Match .308 Win .340 Neck .454 Casull
.22 Hornet .30-06  
.22K-Hornet .300 RSAUM  
.218 BEE .300 WSM  
.221 RFB .30/350 Rem Mag  
.222 Rem .308 Norma Mag  
.223 Rem .300 Win Mag  
.22 PPC .300 Wby Mag  
.22-250 Rem .300 Dakota  
.22-250 AI    
.22-284 8X57  
5,6X50 R 8mm-06  
  8X68 S  
6X45    
6mmPPC Sako .338 BR  
6mmPPC Borden .338 Federal  
6mmNorma BR .338-06  
6XC .338 Win mag  
.243 Win .340 Wby Mag  
6mm Rem .338 Lapua Mag  
.240 Wby .340 Dakota  
6mm-284 .338 RUM  
  .358 Win  
  .35 Whelen  
.250-3000 Savage .358 Norma Mag  
.25-06    
  9,3X62  
6,5 BR 9,3X64  
6,5 Grendel
6,5X47 Lapua    
.260 Rem .375 H&H Mag  
6,5X55 Skan .375 Wby Mag  
6,5X55 Mauser .375 Dakota  
6,5X55 Ackley Imp .375 Chey-Tac  

6,5x55 Arch Imp

 

6,5-284

.416 Taylor
6,5-06 .416 Rem Mag  
6,5-06 Gibbs .416 Wby Mag  
264 WinMag    
  .404 Jeffery  
.270 Win .450 Bushmaster  
.270 Wby Mag    
  .458 SOCOM  
7mm-08 .450 Marlin  
7mm-08 Ackley Imp .45/70 Gov  
7X57 mauser    
7X64 Breneke .510 Førland  
.280 Rem .500 Jeffery  
7mmRSAUM .50 Alaskan  
7mm Rem Mag    
7mm STW    
7mm/300 Wby    
     
     
 
   
Del denne siden med andre!

Share on Facebook