Mange er tydelegvis interessert i Krag....

Eg har den siste tida fått veldig mange henvendingar i høve Kragombygging, og det er berre kjekt. Eg ser at mange nok har litt vel store forhåpningar til kva som skal kunna gjerast med Kragen på "budsjett". Kragbygging er tidkrevjande, og dermed relativt kostbart. Me kan vel kalle det KR,-agbygging kanskje.....

Her tenkte eg å sette inn litt prisopplysningar, slik at folk ikkje vert alt for skuffa når dei får tilbakemelding på at det vert kostbart med gammelKragen.

Den Kragen eg har bygd for meg sjølv kan jo vere eit greit utgangspunkt i så måte. Det treng ikkje vere nett slik, men dette bør gi ein peikepinn på kva ein kan rekne med av kostnadar, om ein vel å sette Kragen i topp stand.

Oppdatert 11.10.2016

Løp Walther 6,5 CrMo  1:8                                 Kr.5400,-      
Gjenger for dempar 14x1 Kr.  700,-

Forsikte med løpsring

Recknagel Kr. 1250,-

Reimfeste med løpsring

Recknagel Kr.  800,-

Muffe for framre kikkertbase

Kombinert med løpsbytte Kr. 2400,-

Kikkertmontasje ERA, som vist på aktuell modell, 30mm Kr. 7500,-
Bygge om sikring for kikkert Kr.  750,-
Slipe og klargjere låskasse Denne kassa var det lite arbeid på Kr. 1500,-
Rustbrunering av komplett våpen Kr. 3500,-
Skjefteemne Tyrkisk eller anna valnøtt Kr. 3500,-
Frese ut skjefte Gujord fresar etter Rafdal Våpen sin mal Kr. 3200,-
Tilpasse tre metall Litt ekstra for Kragen Kr. 3500,-
Slipe og pusse skjeftet utvendig Kr. 1850,-
Edeltreavsluttning Ibenholt, med Widovs peak Kr.  700,-
Bedde Kr.  900,-
Tilpasse nedfellbare reimfester Pr stk. På denne er det ein. Kr.  480,-
Tilpasse pistolgrepsavsluttning Skeleton i stål Kr. 1150,-
Montere kolbekappe Her er det Pachmayr old english Kr  650,-
Finish Engelsk CCL Kr. 2500,-
Nettskjæring Fleur de lis, fullt omløpande, med border                                        Kr. 8400,-

Dette gir ein totalpris på omtrent Kr.50 000,- for rifla, utan kikkertsikte.

Me byggjer nok ein Custom Krag, ja faktisk to...

Dette er eit lite privat prosjekt eg har hatt gåande ei stund. Har vore igjennom mange rundar i skallen, og byrjar no ta form.

Det heile starta med ein særs fin gamal Krag, som var for god til plombering. Nummerlik og alt.

Målet er å få til ei rifle som skal nyttast til jakt, no som forbodet mot kragen ser ut til å vera borte frå lovverket. Den vert i cal.6,5X55, men har utskiftbart løp i samband med montasje for kikkert, så det vil vera mogeleg å setje i ei 8X57, 8X54 eller kanskje ein 6,5X55 Improved av eit eller anna slag....

På biletet til høgre ser ein muffa som har "square bridge" slik at det er plass for å frese inn eit feste for svingmontasje. Det vert sving, for dette gir lavare montering, og langt fleire mogelegheiter med tanke på val av kikkert.

Her ser ein delane frå ein annan vinkel.

Eg har laga ein fresemal som Ola Gujord har fått, i lag med to skjefteemner. Litt av årsaka til at det vart Kragjobbing no, var at eg har ein jobb for ein kunde som skal ha skjefta om ein custom Krag han har.

Følg med vidare, og sjå korleis det heile vert sjåande ut.

Her ser me planken ferdig frest frå Ola Gujord (etter mal laga av meg).

Her er metallet på plass i stokken. ser greit ut så langt.

Her har eg lagt pistolgrepet ganske mykje baklover, slik eg ynskjer å ha det.

Skeleton pistolgrepsavslutning kan jo passe fint på denne stokken.

Her er avtrekkerbøyle og litt meir tilpassningar av vinklar og linjer på plass.

Eg likar ein liten "widows peak" på fortreavslutninga, som er i ibenholt.

Ikkje så vanskeleg å laga som enkelte ser føre seg. Ein freser edeltreavsluttninga i fresen, og lar det stå att ein "peak". Denne tilpassar ein så i stokken. Det heile vert limt med beddemasse, med ei kraftig armering i midten.

31.10.2012

No er våpenet ferdig, og har alt vore på bana og vist gode tendensar. Vart ikkje heilt nøgd med rustbruneringa, så ho kjem til å få seg ein runde med polering og ny brunering, og då skal den bli 100 %. Litt småplukk med dei opne sikta står også att.

Endeleg (nesten heilt ferdig) 5.12.12

Våpenet har no fått ein ny runde med sliping og brunering (rustbrunering), og det vart no heilt slik det skulle. Blank fin, djup svart overflate.

Då er det berre å få ein liten filledel til jaktdiopteren, og rette ladningar for passande jakt, så er me i gang.

Reimfeste på løpsbånd, og framsikte med løpsbånd. Under dette skjuler det seg gjenger for dempar!

Snart får me legge ut bilete av presisjonsskytinga, men med 15 minusgrader brrrr..... fristar det ikkje.

Krag #2   

Ny Kragstokk på gang..............

Så var endeleg ein ny stokk fresa ferdig av Ola, den førre han fresa visa seg å ha ei sprekk som gjorde den umogeleg å nytte som superemne. Dette er planken til 9700,- og den trur eg vil bli heilt suveren. Kunden som skal ha den, veit akkurat korleis han ynskjer seg denne rifla, og eg skal gjere mitt beste for at han vert nøgd, så no får min eigen Krag versegod vente til denne er ferdig.

Her er eg godt i gang med tilpassinga av metallet.

Etter "inletting" er det dags for å sette på kolbekappe og lime på edeltreavsluttning, med "widows peak" sjøsjagt........

Så er det pussing og atter pussing. startar med 80 korning, og så er det 180, 220, 320 og til slutt er det 600. Viktig å passe på at alle striper er borte før ein går opp eit hakk i koringa. Svært ofte dukkar det opp ting ein ikkje såg, og då er det rykk tilbake eit hakk, eller to....

Beddinga er klar.

Her er stokken slipt til 600 og klar for første runde vatning.

Oljinga er i gang....ser bra ut :-)

Her er rifla ferdig, med nettskjæring og alt på plass.

Del denne siden med andre!

Share on Facebook