Bygg om den gamle Mauseren!

 

Kongsbergløp i .30-06!

Me har no fått fatt i eit parti med Kongsberg sine "originale" løp til M98. Dette er dei avtrappa løpa som stod i HV-Mauserane i si tid. Det er nye løp, og dei er av veldig fin kvalitet. Me kan dreie dei ned, kappe, gjenge og blånere eller coate om du ynskjer dette.

Kr.1000,-

Låskassar og delar til M98

Me har også fått inn eit parti med mykje rart av Mauser og Mauser-relaterte saker. Dette er bl.a. Brnoproduserte Small-ring kassar (ubrukte), Nye løp i 6,5, 30 og 8mm og ei rekkje anna spanande.

Treng du ny kasse, delar, løp elelr anna, send oss ei melding eller ring oss

 

Det finnes no eit "hav" med gamle M98 og KV-67 i heimar rundt om i landet. Dette kan bli topp jaktvåpen, om ein berre legg litt innsats i ei ombygging.

 

For dei som har KV-67 med ståande, så er dette våpen som nærast ikkje har salsverdi. Har du ein slik, som til og med har justerbart match-avtrekk, kan det vera ein grei veg til eit topp brukbart jaktvåpen, berre med å gjere litt om på saker og ting med den gamle rifla.

 

Dette er ein Mauser M98 som har fått ein skikkeleg ombygging. Den har fått ny pipe, HighTech stokk og sikring frå ein Brno ZG-47.

 

Ved å dreie ned pipa, kappe ho, gjenge for dempar og glassblåse og blånere alt etterpå, får ein ei pipe som skyt godt, og som er like lett som ei rifle i butikkhyllene.

Set ein på eit HighTech fiberskjefte, får ein ned vekta ytterlegare. Ein slik stokk veg ca.700-750 gram fiks ferdig. Den vert tilpassa på mål, for å passe kunden best mogeleg.

 

Me kan sjølvsagt gjenge pipa for dempar. Gjer me dette før blånering vil den sjå rett så strøken ut.

 

Kva kostar så dette?
Dreie ned løp Kr.  550,-
Gjenge for lyddemper Kr.  730,-
Sveise på ny hevarm Kr.  1050,-
Borre/gjenge for kikkertmontasje Kr.  680,-
Picatinnyskinne tilpassa M59/M67 Kr. 1400,-
Glassblåse/blånere komplett våpen Kr. 1450,-
Sette på 1/4 sikring inkl. sikring Kr.  880,-
Montere HighTech skjefte (inkl bedding og kappe) Kr. 7500,-
Montere (bedde) KKC skjefte Kr. 6450,-

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook