Me utfører og arbeid på håndvåpen.

Dette er helst reparasjoner og ombyggingar av våpen.

Me monterer nye løp, lagar sikteskinner, og faktisk ny cylinder til revolveren, om dette er ønskjeleg.

 

Her har me sett ei Walther SS i ein Ruger GP-100.

Her held me på med eit 7,5" Walther SS løp til ein Smith mod 14. Løpet skal handtere 85 grs kuler (ideelt sett) og er eit lite forsøksprosjekt. Me må nok jobbe noko med overgangskonus for å optimalisere presisjon med desse kulene.

 

Ein Smith mod 686 med ny Waltherpipe.

Her er den så godt som ferdig. Er testskutt, og skyt visst veldig fint.

 

Her fresar me profil på ei 6" Walther SS i .357Mag til ein Smith 686. Dette er revolveren på bilete over.

 

Ein SIG-pistol som eigaren hadde problem med då den klemde han over handa. Me laga ein lang "Beaver tail" og det løyste dette problemet.

 

Her byggjer me eit nytt løp for ein HighStandard

High Standard cal.22 som har fått ny pipe (utskiftbar), gjenger og dempar, samt Picatinnyskinne med ein gamal raudpunkt på toppen. Nye skjefteplater i fin valnøtt og ny blånering. Skyt godt, og ser fin ut!

 

 

Dette er fine gamle pistolar som fortener litt oppmerksomheit.

Me set i ei KV-pipe (kaldhamra) og lagar eit muffesystem slik at denne passar til pistolramma.

Fresar så ut Picatinnyskinne som ein kan setje optiske sikter på.

 

Ein kort liten Smith i cal.22 LR som har fått ny Liljapipe (!) samt ny finish. Den skal brukast i konkurransesamanheng av ein svært dyktig skyttar!

 

Gravering av løp

Bilete av ein S&W med ny Waltherpipe. Denne har me fått Claire Hausken til å gravere. Her er det meste mogeleg å få til, og det vert ganske så tøfft!

 

Løpsmontering revolver

Her er ei prisoversikt på kva det kostar å få montert ny pipe i revolver.

Stikke av løp, gjenge og tilpasse rammeStikke av løp, gjenge og tilpasse ramme 0,5 timar
Frese ut profil/fasong på pipa   2,5 timar
Lage forsikte    0,25 timar
Polere/glassblåse løp      0,5 timar
Kroning     0,25 timar
Montere og teste   0,5 timar
Totalt  4,5 timar
kr.3600,-
Dette er berekna ut frå eit løp på 6-7,5 tommar. Lengre løp vil koste noko ekstra i maskinering. Regn ca.800,- ekstra for ei pipe på 10 tommar.
Er det ei CrMo pipe vil ein få ca. kr.300,- i kostnad blånering
Kostnad pipeemne. Opp til 6 tommar  Rustfritt Kr.1000,-  
Kostnad pipeemne. Opp til 6 tommar  CrMo Kr. 800,-
Kostnad pipeemne. 6-8,5 tommar      Rustfritt Kr.1200,-
Kostnad pipeemne. 6-8,5 tommar      CrMo Kr.1000,-

I tillegg kan me tune, polere, blånere og «shape» opp eit slitent våpen.

Del denne siden med andre!

Share on Facebook