Etter 25 år i bransjen har me litt erfaring me kan dele med våre kundar... - dette skal komme deg til gode!

Me har sidan oppstarten i 1989 hatt som primærmålsetning å bygge customvåpen, med alt som ligg i det begrepet. I dag har me framleis samme fokus, og leverer både customrifler med topp treverk og flott metallarbeid, i tillegg til rifler med fiberskjefter og rustfrie løp.

Me har ein rikt utstyrt verkstad, og kan utføre dei aller fleste former for børsemakerarbeid.

Innehavar, Albert Rafdal, er utdanna børsemakar frå Colorado School of Trades i Denver, USA, samt siviløkonom fra NHH i Bergen. Albert er ivrig jeger og svært ivrig sportsfiskar.


Litt om korleis me er organisert:
Slik me framstår i dag, har me børsemakerverkstaden i Etne som tar seg av det aller meste av våpenarbeid. I tillegg har me ein våpenbutikk på Frakkagjerd (Rafdal & Kvale Våpenhandel), like ved Haugesund, som skaffar deg alt du trenger av våpen, ammunisjon og diverse rekvisita. Me har som målsetning å drive dette slikt at det framstår som eitt  for deg som kunde. Du kan levere ditt våpen hos våpenbutikken for reparasjon, og du kan få kjøpt ferdige rifler fra børsemakerverkstedet. Me sel primært våpen, optikk og anna utstyr som held eit høgt kvalitetsnivå, då me finn at det er dette som tjener kunden best i det lange løp.

Me er i dag to som jobbar ved verkstaden. Det er Albert som har starta det heile i 1989, samt Sverre Halleland som no er ferdig utdanna børsemaker med bestått fagprøve. Sverre har vore hos oss sidan 2012

          

Lærling

Gjertrud Nes byrja som lærling hos oss 1.9.2016. Ho har då tre år føre seg i lære fram til ho kan avlegge fagprøve.

Kva leverandørar me brukar:
Me er alltid på utkikk etter leverandørar som kan tilby interssante produkter. Dette kan vera fiberskjefter, løpsemner, stålunderbeslag eller andre saker me har tru på. Pr idag har me mykje bra i vår portefølje, og me meinar dette verkeleg er produkt kunden vil nyte godt av.

Av utstyr me nytter i dag, kan me nemne:

Låskassar importerer me frå Stiller Precision Rifles i USA.

Løp fra Lilja, PacNor og Walther.

Glassfiberskjefter får me frå HighTech i USA. Topp kvalitet skjefter, som både har flott fasong, og svært lav vekt.

Me får elles avtrekk til Remington 700 type mekanismar frå Shilen samt frå Jewell.

Me nyttar mange ulike låskassemodellar, og her står kunden helt fritt til å velge.

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook