Rafdal Våpen

Ynskjer du deg eit våpen med særpreg og flotte detaljar? Kanskje ei rifle med superpresisjon?

Me kan hjelpe deg med dette, og mykje meir.

Bygging av rifler

Me utfører mykje forskjellig børsemakerarbeid, men bygging av rifler er heilt klart det me gjer mest.

  • Superlette rifler med fluta rustfrie løp.
  • Langholdsrifler
  • Jaktfeltrifler tilpassa den enkelte skyttar
  • Benchrestvåpen
  • Customrifler med nydelig treverk og flotte detaljer

25 år i bransjen

Etter 25 år i bransjen har me litt erfaring me kan dele med våre kundar... - dette skal komme deg til gode!


Ein liten beklagelse til dei som føler dei ikkje får svar på e-postar dei sender. Me får svært mange henvendelsar kvar dag, og slit med å følge opp alle. Mist ikkje motet og send gjerne på ny om du ikkje får respons innan ei veke.

.......................................................................................................................................................................................................................

Mauserkassar og løp

Me har overteke eit større parti med ulike Mauserkassar samt ubrukte KV-løp og ubrukte Svenske MG-piper i 6,5 og 8mm. Dette er supre løp å bruke på jaktrifler. Les meir under "Spesielle tilbud". Siste oppdatering er at me berre har nokre få 8mm løp att, og dei er i kategorien "fint brukt". Trur det er to me har att pr. 29.11. Me har framleis ein del Kongsbergløp til HV-Mauser i .30-06 (Nye)

Links Remington 700

Lett og kort rifle i .338 Federal. Waltherpipe, HighTech-skjefte og ein del fine detaljar. Kjekk rifle i skogen og på lange jaktturar dette.


Sauer 90

Custombygg på Sauer 90. Caliber 7mm-08 Ackley Improoved med Liljapipe.

Justerbar.no

Me har også overteke Justerbar (www.justerbar.no) og vil om kort tid få dette inn under våre eigne nettsider. Dette er justeringsmekanismar som me anten sel i laust, eller monterer for kundar som ynskjer å få justerbar kam på rifla eller hagla.

 

Stiller Actions

  

Les meir under sida "Stiller" som du finn fane til øverst.

Sjekk ut kassane på: www.viperactions.com

          ..........................................................................................................................................................

OBS OBS! Mange ringer til børsemakarverkstaden når dei eigentleg skal til Bernhard på Rafdal & Kvale Våpenhandel. Nummeret dit er 52 77 02 20

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne via e-post, me svarar så raskt me kan! 

Telefon: Skal du nå oss på telefon, er det enklaste å ringe Albert på telefon 913 84 864. På dagtid i vekene, kan du godt prøve verkstadtelefonen, som er

53 75 49 20.

Butikk/besøksadresse: Rame, 5590 Etne
Postadresse: Boks 15, 5591 Etne 
Telefon: 53754920 
E-post: firmapost@rafdal-vapen.no

Link: Rafdal & Kvale Våpenhandel AS

For dei som er fiskeinteresserte, link til side med fiske i Etne: www.fjellørret.no

og www.stordalsvatnet.no

Hva bygges nå?

Her vil me leggje inn bilder og beskrivelsar av enkelte våpen me held på å byggje. Følg med!

Les meir


Spesielle tilbud

Her legg me ut saker og ting me har bygd eller på anna vis skaffa oss, og som me ikkje lengre har nytte av sjølve. sjansen for røvarkjøp er til stades!

Les meir

Demorifle


  

Remington med ny pipe og løpsbyttesystem i cal 8X57IS. Rifla har HighTech fiberskjefte og er overflatebehandla med KG-guncote Titanfarge. Skjeftet er lakkera med eigenkomponera camomønster. Lett å få auge på for oss, men ikkje for hjorten.
>