Customrifle i .505 Gibbs

Her skal me vise korleis den vart til.

Me starta med ein fin plank av Himalayanøtt. Denne vart sendt til Ola Gujord for fresing, etter at han sendte malen sin til meg for innbedding etc. Ola gjer veldig fint arbeid!

Me valde ei Waltherpipe i CrMo i cal.505 (som er ørlite mindre enn "normalen" .510 og som mange andre kaliber nyttar)

Kunden hadde funne eit bra utgangspunkt i ein Brno 602 med 3.p sikring. Denne vart totalrenovert, slipa og stelt.

Hevarmen vart bytta og tilpassa resten av våpenet, rett og fin!

Så er det tilpassing av metallet til stokken. Her er den nesten i mål.

To kryssboltar er på plass.

Her er finishen ferdig. CCL finish gir djup og fin overflate. Den treng likevell ein del etterbehandling om ein slit på

den eller er mykje ute i ruskever.

Ei slik rifle må ha kvartskinne, og her er den frest ut, tilpassa og lodda på løpet.

Her fresar me ut toppen av skinna.

Her har me frest ut for "one standing three folding", slipa og polert.

Skikkelege børser må vel ha rustbrunering.....ser ille ut, men det vert bra dette!

Her er ei Aya sideliggar også med på lasset.

"Fleur de lis" nettskjæring. Tidkrevjande, men det kan ta seg bra ut.

"Widows peak" på fortreavsluttninga i ibenholt.

Den ferdige rifla, men klaffsikter, kvartskinne, nettskjæring og alt som skal til.

Del denne siden med andre!

Share on Facebook