Her vil me leggje inn bilder og beskrivelsar av enkelte våpen me held på å byggje. Dette er i all hovudsak våpen me bygger for kunder. Følg med!

Oppdatert 6.3.2017

Har vore slappe med å legge ut ting her siste tida. Ekstremt mange ulike oppdrag, så me burde ha lagt litt under denne sida og. De finn mange av prosjekta under andre sider.

 

 ..............................................................................................................................................................................................

6.3.17

Lett og delbar Remington Seven. Fin rifle i .308 Win som bør vera perfekt på lange dagar i fjellheimen.

 

S&L rifle med HighTech (LAW)

 

15.2.17

Då har me gjort ferdig ein Stiller i .338 LM

Kunden har sjølv skaffa Cadex skjefte. Pipa er frå Lilja med 9 twist. Bør vere ein skytemaskin dette.

 

Me har testa ut ny overflatebehandling av fiberskjefter. Dette gir ein fin struktur, og me lakkar over med f.eks. Crakote. Virkar å vere veldig sterkt, så dette ser spanande ut :-)

 

Skjeftebygging til ein Ruger i .280 Rem. Denne skal vere ganske lik ein original Rugerstokk, men med betydeleg oppgradert treverk samt tilpasningar og linjeføring i topp klasse. Det er sett ei CrMo Lilja med 10 twist i kassa.

 

Her er det oljing av heilstokk til ein Brno 601 i .350 Rem mag. Rifla får heilstokk av eit veldig fint emne tyrkisk nøtt. Nydelege fargar i denne planken.

 

Me har no overteke www.justerbar.no og vil satse litt på ombyggingar av skjefter fro justerbar kam. Kvaliteten på desse mekanismane er veldig bra og dei fleste våpen kan byggast om.

 

Her har me gjort klar ein Sauer mod 147E med nytt skjefte og ny finish.

 

Stiller Tac-338 i Lapua mag. Med Liljapipe og McMillan skjefte. Rå rigg dette!

 

No lagar me slike hevarmskuler som me monterer på Remington sluttstykker. Fine desse :-)

Pris er ca.tusenlappen ferdig montert.

 

Rustbrunering av diverse våpendelar.

 

Me bygger om ein del handvåpen også. Her har ein S&W mod 14 fått ny Walther SS pipe.

 

Shilen DGA kasse som me har fresja opp med Liljapie i 6,5X55 og ny laminatstokk me har bygd frå "skrætsj".

 

Links Stiller i 6XC

Presis rifle for fuglejakta.

Ruger #1 med Liljapipe i 22 K-hornet.

Kikkertskinne fresa ut frå Hansen Picatinnyemne.

 

Liljapipe på 45 tommar! Denne kan eg lova me har jobba med. Emnet vog vel 12 kg. Mykje dreieing og uhandterleg å jobbe med i dreiebenkane.

Skal legge ut bilete av det ferdige resultatet.

 

Rifle med heildempar og utskiftbare løp. Kalibera er ,223 Rem med SS Walther 1:8 snurr og ei pipe i .308 Win Walther SS med 1:10 snurr. Demparane er bygde rundt Hausken sitt heildemparkonsept, med enkelte endringar.

Me jobbar for tida med ei heildempa rifle i .308 Win og .450 Bushmaster. Planen er å teste ut demping og hastighet før og etter posting....med begge løp. Litt av ein jobb!

 

Stiller Tac-300 i .300 Win Mag med Liljapipe og GRS Bolthorn skjefte. Stilig rigg som akkurat er teken i bruk.

Testskyting viser 5-skot samlingar rundt 50mm på 500 meter.

 

Ei av mange Stillerrifler me har satt saman siste tida. Den har Liljapipe i 6XC og McMillan skjefte.

Bør skyte som ei stråle.

 

Sako Vixen med ny Walther i 222Rem og HighTech skjefte. lett og fin rifle for fuglejakta.

 

Neverlost!

Gamal Tikka M55 med HighTech skjefte i ragar som bør vere lett å finne att om du set rifla frå deg i skauen.

 

Winchester i cal.450 Marlin bygd som lett skogsrifle med Waltherpipe og HighTech skjefte. vekta på 2,9 kg bør vere lett nok i eit kaliber der ein får rundt 600 ms på ei 400 grs kule.

 

Litt ny vri på fargekombinasjon. Svart Cerakote med raude spetter over. Ser jo eigentleg ganske bra ut vil me påstå.

 

Her bygger me ein noko spesiell M98. Akkurat her er det lodding av hakemontasje som nett er utført. Ein del opprydding og mykje finjustering gjenstår.

 

Her er ei skikkeleg budsjettrifle! Låsen har eg fått, løpet fant eg i skrotekassa, hevarmen kostar 2-300 og montasja dukka opp i skrotekassa den også. Avtrekket sat på kassa då eg fekk den, og er dritbra! Fekk ikkje fatt i billeg stokk, så måtte bruke ein HighTech. Kaliberet er 6,5X55 og det viste seg etter testskyting at pipa har 1:9,5 eller 10 snurr. Den går dermed elendig med normale kuler, men den skal brukast på hytta etter reven, og 100 grs Scenar gav 3-skot på 10mm og 100 grs A-max gav 6mm, så me kan vel ikkje klage. Lurer på om det kan vere ein gamal S&L pipe...... hm.....

 

Kragen til Bernhard har fått seg kikkertmontasje. I dag kom han slengande med ein betre kikkert også, ein Kahles som bør gjere susen.

Legg merke til at festet for Buskdiopter no er del av kikkertmontasja.

 

Her har me gjort klar ein HighTech til min gode venn Kolbjørn. Han ville ha rustraudt (sikkert for å ikkje skilje seg ut i lag med alt anna han eig....) og det har han fått. Cerakote på stokken, og den vart ikkje så aller verst.

 

S&L rifle med HighTech skjefte. Lett og fin sak.

 

Her er eit prosjekt eg har planlagt i mange år. Ei superlett rifle til å ha med "over alt". Den har delt skjefte og veldig kort pipe. Det er ein Vixen i cal.221 RFB. Kronografen seier 920 ms på 50 grs og 1060 ms på 30 grs. Dette er heller ikkje maks.

Rifla veg like over 2,5 kg med ein 1-4X Leupold på. Både kassa og montasjane er fresa ut av for å redusere vekt.

Det er brutte gjenger i pistolgrepet slik at ein på 1 sekund deler rifla slik at ho passar i eit superlite futeral.

Gledar meg til å få bruka den gitt......

 

Demorifla vår i .308 Win har fått ein "sjainings". Ny Cerakota overflate på stokk og metall, samt litt camoliknande overflate på stokken. Ser ganske bra ut.

 

Sverre sin Sako Vixen i .17RFB som no har fått Cerakote på stokken. Rifla er presis og ser bra ut.

No er den visst lakka om att :-) endå ein gong.

 

Revolveren under er no klar.

 

Og jo, den går i den berømte "kassen".

 

Kunden ville ha "noko spesielt". Her er stokken til Sevenrifla i 7mm-08. Trur faktusk det heile skal sjå ganske så bra ut til slutt. Ja, og så tullar ein ikkje bort rifla i skogen så lett.

 

Her er ein gamal travar med ny pipe. Denne har no fått ei PacNor SS pipe i 6,5X47 Lapua. Skal bli "anderifle" og så langt har den vel 5 ender på samvitet. Skyt veldig bra med alt av holspiss og ok med Norma 120 grs FMJ i 840ms

 

Hagla som eg "friska opp" og gav broderen på 40-års dagen. Lett og fin sideliggar.

Her like før nettskjæringa var klar.

 

Winchester M70 i customutførelse. Her er rifla ferdig. Me synes den vart rett så bra.

 

Ferdig Steyr Manlicher med custom heilskjefte.

 

Her lagar me skjefte på ein gamal Engelsk sideliggar. Sliten hagle, men med ny stokk, restaurert kasse, nylodda pipesett og ny rustbrunering vert den nok rett så bra.

 

Dei kunne det før! Ein Sauer & Son mod 14 frå 1911. Denne er i 16 cal og eg har restaurert den ein del. Veldig thight og fin og lite skutt med. Teknisk tipp topp. No ser den ut som 1mill $

 

Her har ei av Vixenriflene mine fått seg ny pipe. Reven skal få det tøft i vinter, og no er det ei 17RFB pipe som står i. Dette er ei rustfri Walther 1:10 som står i. KG-gunkote på pipa, 55 cm og gjenga for ein Hausken 17 cal JD184

 

Her er me i gang med å bygge ein fullcustom Brno i 505 Gibbs. Kjem nok meir bilete av denne etter kvart.

 

Remington 700 BDL i 35Whelen. Liljapipe som er fluta, gjenga og coata med KG-Gunkote. HighTech skjefte med kundens mål!

 

Sako Vixen med ny pipe og ny stokk. Ei Lilja med 1:8 stigning kamra for 223 og ein HighTech fiberstokk. Klar for fugl og anna småvilt!

 

Ny Remington i 6XC. Denne er bygd med Lilja ss pipe med 1:8 stigning. Pipa har 7 fluter (!) og er gjenga for dempar. Den er coata med KG-Gunkote og har McMillan A-5 stokk med alle justeringsmogelegheiter.

 

Noko me aldri har gjort før var å bytte løp på ein Valmet kombi 212. Den fekk ny pipe i 222 Rem frå Walther, no med 1:10 stigning. Den gamle var teken av " old Rusty"

 

Mi eiga lette Seven får seg løpsbytte. Måtte jo ha ei pipe i 7mm-08Ackley Imp. Dette er ei interessant patron som gir veldig mykje fart frå kort pipe. Eg har tidlegare måla over 900ms på 140 grs frå 20" pipe.

 

Samtidig med rifla til Staale (under) bygde me denne stokken til ein Husqvarna 1600 i 338-06, og ein stokk til ein Sako Vixen i 221 RFB.

 

Noko nytt?

Staale hos J&F ville ha seg skikkelig skjefte på S&L rifla si. Det måtte jo bli eit HighTech. Første gang dette er gjort?

 

Nå med enda lengre løp! Denne hadde 32" 300 RUM løp før, nå har den 36"(!) løp i cal.338 RUM frå Lilja.

 

Gamal Sako Vixen som har fått nytt skjefte. Burde kanskje hatt ny finish på metallet og, men det får koma seinare.

 

CZ 527 bygd om frå 17 Rem til 221RFB. Lett og kort rifle med PacNor pipe med 1:7 stigning.

 

Remington med fluta PTG bolt i HighTech skjefte. Lilja i cal.7mm RM. Dette blir rifle for jakt etter Marco Polo!

Sjå eigne sider under våpenarbeid!

 

Skjeftet til Chapuis dobbeltrifla er ferdig. Sjå meir om denne på eiga side under "Våpenarbeid".

 

Lett liten Remington 700 Links i 308 Win. 45 cm pipe som er fluta (Lilja) og HighjTech skjefte. alt er Duracoata. Rifla veg like under 2,5 kg.

 

Likar du Krag? Då må du kikke nærare under "Våpenarbeid". Der ligg det eiga side med bygging av to kragar.

 

Sako Vixen fuglerifle i cal 223 Rem. High Tech skjefte og Liljapie. Lett og kjekk rifle ideell til formålet.

 

Sako Vixen fuglerifle i cal 223 Rem. High Tech skjefte og Liljapie. Lett og kjekk rifle ideell til formålet.

 

Winchester i 450 Marlin med heildempar.

 

Ein gamal Sako L46 i 7X33 som har fått totalrenovering. Ny finish på alt stål og ny HighTech stokk. Den blei ganske så fin.

 

Her er eit lite privat prosjekt. Ein 300 Whisper med kikkertfeste og gjenger for dempar. Kjekk liten sak som her berre manglar blånering og avtrekksjustering. Dette er no klart forresten.

 

Heildempa 450 Marlin.

Bygd på Winchester Classic 64 kasse i rustfritt. Lett og fin, med god presisjon.

 

Remington 700 i 6,5 med Waltherpipe. Duracoat på pipa.

 

Heildempa Winchester i 450 Marlin.

 

Heildempa rifle i 458 SOCOM på Remington 700 kasse.

 

Stygglang PacNor pipe i.300 RUM. 32" lang burde gi litt fart i sakene.

 

Helt ny variat av jaktdiopter frest inn i Leupold QR. Skal fungere bra dette!

Åpne sikter på Mauseren i 9,3.

 

Så er endelig 9,3en klar. En nær sagt, ubearbeidet (på utsiden) M98, men fullrigget som customrifle

 

Der var Heymrifla klar med nytt skjefte.

 

Far min sin Remington 660 i 243Win, som har fått ansiktsløftning. Nå venter han på reven!

 

Her holder jeg på med en "fullcustom" i 9,3X62. Den er bygget på en M98 der kassen holdes nærmest uforandret.

 

Pen gammel HighStandard som har fått ny pipe, demper fra A-tec og picatinnyskinne med gammel rødpunkt. kjekk liten sak!

 

Nettskjæring av stokken til Heymen.

 

Skjefte til en Heym SR20.

Pent treverk fra www.nottetreimport.no og flott fresejobb fra Ola Gujord etter mal laget av meg.

 

Da er den siste Vixen klar. se flere bilder under "Customvåpen".

Legg merke til at det er brukt en annen type finish på denne, og selv om stokkene kommer fra samme tre, er det stor forskjell på denne og den jeg bygde for liltt siden, den er mye mørkere.

 

Bilde av Sako Vixen i 6mm223 som nå nettskjæres. Mange timer med arbeid må til for bra resultat, og jeg må ha korte økter da dette er slitsomt og tar på nakke og rygg.

 

Nettskjæring av kolben på Sako Vixen. Tror dette mønsteret vil kle denne kolben ganske bra.

 

Perazzien er klar. Kunden skjøt visst 25 duer med den første dagen, ja!

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook